Det var ein ung gjeng som møtte opp på oppstartsmøte for A-lagsgruppa i Hareid IL før jul. Då vart det signalisert at ein håpa på at dei fleste frå fjorårets stall ville vere med også i år, men no ser det ut til at oppkøyringa startar utan fleire viktige profilar frå dei seinaste sesongane.

Hareid IL skriv mellom anna på sine nettsider at Henrik Grimstad er klar for Herd. Dette er så langt ikkje stadfesta av 3.-divisjonsklubben, men Vikebladet Vestposten får stadfestinga frå Grimstad sjølv.

Grimstad spelte berre haustsesongen for Hareid, men vart raskt ein viktig spelar for laget i denne perioden.

Den tidlegare Hødd-, Bergsøy- og Brattvåg-spelaren blir nok sakna på Hareid, men det var nok likevel ikkje uventa at andre klubbar ville vere interesserte.

To til ut

Meir dramatisk er det at to leiarskikkelsar som Ruben-Kenneth Brandal og Torgeir Skeide har signalisert at dei ikkje er med.

Hareid IL skriv på sine nettsider at dei håpar saknet av fotballen skal bli så stort at spelarane kan vere tilbake til seriestarten i april.

Vil styre ting sjølv

Til Vikebladet Vestposten stadfestar Ruben-Kenneth Brandal at han ikkje har planar om å spele for Hareid den komande sesongen.

– Eg har lyst til å prøve å trene litt på eiga hand, og eg eigentleg ikkje så gira på ein ny sesong. Eg har tatt eit val om at eg ønskjer å trene litt sjølv og styre ting meir sjølv, fortel Brandal.

Den tidlegare Hødd-spelaren slår samstundes fast at han ikkje ser seg om etter andre plassar å spele fotball.

– Eg har bestemt meg for å styre meg sjølv, for å kunne trene det eg har lyst til og når eg har lyst. Det har mellom anna litt med helsemessige årsaker, som gjer at det kan vere lurt å trene det ein må trene, fortel Brandal.

Men med både Brandal og Skeide ut, i tillegg til Henrik Grimstad, så ser det noko dramatisk ut for Hareid.

– Ja, det blir eit ungt lag, det er det ikkje tvil om. Eg og Torgeir har vore to av berebjelkane på laget og to av dei som har hatt ein del erfaring, men det er ikkje så mykje å gjere med. Det viktigaste er at ein har lyst til å drive med fotballen. Elles er det ikkje hensikt i å tyne seg gjennom noko ein ikkje synest er kjekt, seier Brandal.

Til Herd?: Hareid IL skriv på sine nettsider at Henrik Grimstad (I midten) skal spele for Herd den komande sesongen. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes