Helga 27. og 28. januar arrangerer Dimna IL ope KM i friidrett i Ulsteinhallen, men laurdagskvelden er det også nokre skikkelege godbitar i vente. Då blir det ny friidrettsfest i Ulsteinhallen, med ei ny utgåve av Dimna Games. Elitestemnet blir ei fin moglegheit til å teste forma ei veke før innandørs-NM i Bærum, og Dimna IL kan gle seg over storfint besøk.

Warholm på heimebane

– Karsten og Amalie kjem til Ulsteinvik og Dimna Games, fortel nemleg Trond Berg, som er leiar i Dimna IL.

Det vil sjølvsagt seie Karsten Warholm og Amalie Iuel. Til dagleg treningskameratar, og ikkje minst, Norges beste utøvarar på både 400 meter og 400 meter hekk.

– Dei skal springe 400 meter i Ulsteinhallen, fortel Berg.

Dermed blir Dimna Games truleg ein av få sjansar til å sjå Karsten Warholm springe innandørs denne vinteren.

Både i 2015 og 2017 har Dimna IL stått som arrangørar for store meisterskap, med UM og NM i Ulsteinhallen.

I 2016 gjekk arrangerte ein første utgåva av Dimna Games, og det er noko idrettslaget håpar å gjere til eit årleg arrangement.

– Vi ønskjer å etablerer eit elitestemne der ein tilbyr våre beste utøvarar å få teste seg litt, samt at publikum skal få ei oppleving der ein ikkje må sitte to dagar å sjå på friidrett, men ein i staden får eit meir konsentrert stemne der ein får sjå flott friidrett.

Fleire ting spelar inn

Dimna-leiaren fortel at det sportslege er ei side av at ein ønskjer å få til Dimna Games som eit årleg arrangement, men at det også er fleire ting som spelar inn.

– Vi har ein fantastisk konkurransehall og arena i Ulsteinhallen. Der kan ein skape gode opplevingar. I tillegg så ønskjer vi å etablere noko som kan gje noko til publikum. Samstundes kan vi bruke slike stemne til å lære opp nye funksjonærar.

Berg forklarar at Dimna IL har ein strategi der ein ønskjer å ha stemne med jamlege mellomrom, slik at funksjonærane og dei frivillige får trening.

– Då har vi fleire enn vi nødvendigvis treng dersom det verkeleg spissar seg til. Samstundes gir det funksjonærane ein tryggleik når dei får prøve seg på ulike typar arrangement.

Trond Berg fortel at Norges Friidrettsforbund også har utfordra Dimna IL til å gjennomføre arrangement som Dimna Games.

– Innandørs er det ikkje så veldig mykje som skjer utanom UM og NM. Difor er det ei målsetting å etablere seg med noko der Ulsteinvik endå ein gong blir sett på kartet, seier Berg.

Men dersom ein skal sette Dimna Games på kartet, så er det god hjelp i å få med idrettslaget og kanskje også friidretts-Norge sin klart største profil.

– Det er sjølvsagt eit kjempepluss å få med Karsten! Samstundes kan ikkje vi forvente at han skal stille, for det er heilt avhengig av korleis hans opplegg er elles, seier Berg, som sjølvsagt er svært fornøgd med at både Warholm og Iuel tek turen til Ulsteinvik.

Meir blir klart i løpet av veka

Det er framleis ein del ting som skal på plass før startskotet går for Dimna Games, og fleire deltakarar blir truleg klare nærare stemnehelga.

– Der blir mykje meir bekrefta denne veka. Dimna Games går jo veka før NM, og det er i utgangspunktet ein del utøvarar som kan tenkje seg å få testa forma før NM, men som samstundes er livredde for å pådra seg noko som kan øydeleggje for dei utover vinteren og våren. Difor har vi ein del seine påmelding til stemnet, fortel Trond Berg.