Hødd reiste laurdag til Molde med eit rekruttlag forsterka med nokre spelarar frå A-laget, samt nokre hospitantar frå G16 for ein kamp mot Molde 2.

A-laget skulle eigentleg spele kamp mot Volda før helga, men denne vart avlyst grunna snø og is på Høddvoll. Den første treningskampen for A-laget blir dermed borte mot AaFK komande fredag.

I Molde tok heimelaget  leiinga ved Sivert Gussiås, men Hødd utlikna ved nykomaren Joachim Osvold. Han la også opp til Håkon Botn Brautaset som sette inn Hødd si andre scoring og kampens siste. Osvold var ein av til saman åtte A-spelarar som var involverte i kampen.

Sander Håskjold Nyland fortel at det var ein nyttig kamp for Hødd sin del, der ein styrte spelet før pause, men der Molde tok meir over i den andre omgangen. Håskjold Nyland seier at Hødd sleppte til lite bakover, og det blei heller ingen scoringar etter pause.