Sunnmøre Fotballkrets (SFK) har publisert kretslagstroppar for J15 og G15 (spelarar fødde i 2003).

På J15-laget er det ikkje funne plass til spelarar frå klubbar i Ulstein eller Hareid, men på gutelaget er det fleire lokale spelarar i troppen.

Hødd har nemleg med heile sju spelarar i troppen, som skal ha si første trening på Høddvoll 25. januar.

Frå Hødd er desse spelarane tatt ut: Simon Skeide, Olai Bjørdal, Daniel Notanes, Fredrik Gjerde, Andreas Fjørtoft, Mathias Grimstad og Adrian Haraldsvik.

Sander Håskjold Nyland (trenar) og Frode Gjerde (keepertrenar) er begge med i  apparatet rundt G15-laget, der SFK skriv at det også skal inn ein trenar til.

Onsdag 31. januar skal laget spele kamp mot Nordmøre og Romsdal Fotballkrets. Ifølgje SFK vil gutetroppen bli justert etter første økt. Det er SFK som saman med kretslagstrenarane som tek ut troppane.