Ei veke etter NM i Bærum Idrettspark reiser Karsten Warholm til Tammerfors i Finland. Der skal han springe 300 meter hekk, distansen der han tangerte verdsbestenoteringa i 2017. Det skriv Norges Friidrettsforbund på sine nettsider.

For med tida 34,92 tangerte Warholm tida til Lllewllyn Herbert frå Sør Afrika. Ingen har vore raskare på 300 meter hekk, men Warholm viste under laurdagens Dimna Games at han ser ut til å ha tatt ytterlegare steg frå i fjor. Med eit godt løp i Tammerfors er det dermed ikkje utenkeleg at Warholm kan levere ei endå betre tid enn for eitt år sidan.

Men først er det NM som står på programmet. Der er Warholm i utgangspunktet berre meldt på til 400 meter flatt.