Avsluttar Vinterkarusellen laurdag

Laurdag er det klart for sesongens fjerde og siste løp i Grimstadvatnet Rundt.

To på rad: Oda Renate Midtflø var raskaste kvinne både i løp to og tre i Vinterkarusellen på Hareid. Laurdag er det klart for sesongens siste Grimstadvatnet Rundt. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Sport

Det vil også seie at dei som har vore med på to av dei tre føregåande har ein siste sjanse til å sikre seg det tredje løpet. Det treng ein om ein vil vere med i kampen om premiering i dei ulike klassene i årets Vinterkarusell.

Ein må nemleg ha delteke i tre av sesongens løp for å kvalifisere seg til premiering. Der er det poengsummen frå dei tre løpa tel, i tillegg til fire bonuspoeng om ein har delteke i alle fire.




 

I herreklassen har det vore tre ulike vinnarar i dei tre løpa denne sesongen, med Andreas Vangsnes som raskaste i det første løpet, Leif Sægrov i det andre og Martin Hauge Nilsen med bestetid i det tredje.


Vinterkarusellen:

Midtflø og Hauge-Nilsen var best i tredje løp

Det var ikkje dei heilt optimale forholda, men Martin Hauge-Nilsen klemte likevel til med ei god tid som dagens beste i tredje løp av Vinterkarusellen. Sjå bileteserie.

 

Ingrid Festø var raskast av kvinnene i første løp, medan Oda Renate Midtflø har vore raskast i dei to siste.

I januar var det både kaldt og delvis glatt i løypa rundt Grimstadvatnet. Denne gongen kan det sjå ut til at festet blir noko betre, men også i sesongens siste løp blir det truleg kjølig for løparane.