Det blir Ytre-avdeling i 6.-divisjon

Sunnmøre Fotballkrets går inn for tre avdelingar denne sesongen.

Hasundgot og Hareid 2 blir plassert i ei rein Ytre-avdeling den komande 6.-divisjonssesongen.  

Sport

Som Vikebladet Vestposten skreiv onsdag har Sunnmøre Fotballkrets vurdert tre ulike alternativ for inndeling av avdelingane i 6.-divisjon for den komande sesongen.



Torsdag morgon gjekk fristen for å kome med innspel til oppsettet ut, og SFK skriv no på sine nettsider at ei klar overvekt av klubbane ønskte seg tre avdelingar.

For laga i vårt område betyr det at det blir ei rein Ytre-avdeling med åtte lag. Avdeling 3 vil nemleg få desse laga: Bergsøy 3, Gjerdsvika/Larsnes/Gursken FK, Hareid 2, Hasundgot, Hødd 3, Larsnes, Tjørvåg, Åram/VanKam.

Avdeling 1: Giske, HaNo, Harøy, Lepsøy, Ravn, Rollon 2, Spjelkavik 2, Stordal Ørskog, Vigra.

Avdeling 2: Aksla, Blindheim 2, Emblem 2, FK Sykkylven 2, Langevåg 2, MSIL, Vartdal, Ørsta 2, Åmdal.