Karsten kan bli månadens utøvar

Ein av fem nominerte etter sin norske innandørsrekord i Ulsteinhallen.

Karsten Warholm sprang inn til 45,88 i Ulsteinhallen, noko som er norsk innandørsrekord og bestetid i Europa så langt i år.   Foto: Andreas Bjerknes.

Sport

Det vart ein bra start på konkurranseåret for Karsten Warholm. Heime i Ulsteinhallen sette han norsk innandørsrekord på 400 meter med 45,88. Tida er også den beste i Europa så langt i år, og det er tredje beste tida i verda i 2018.

Prestasjonen under Dimna Games var så god at det Europeiske Friidrettsforbundet har nominert Warholm som ein av fem mannlege utøvarar som kjempar om prisen som månadens utøvar for januar.

Nominerte til månadens mannlege utøvar i Europa:

Renaud Lavillenie (Frankrike) - stavsprang

Danil Lysenko (Russland) - høgde

Tomas Stanek (Tsjekkia) - kule

Petr Svoboda (Tsjekkia) - 60 meter hekk

Karsten Warholm (Norge) - 400 meter

Vinnaren blir kåra gjennom ei avstemming på det Europeiske Friidrettsforbundet sine facebooksider.