Ei rekkje Dimna-utøvarar skal kjempe om både heider om medaljar under friidretts-NM i Rudhallen denne helga.

Høgde uten tilløp

Først ut var Johanne Rise Kvalen i høgde uten tilløp (kvinner junior). Rise Kvalen sikra seg bronse i denne øvinga under NM på heimebane i Ulsteinhallen, og hadde på førehand årsbeste av deltakarane med 1,30.

Det gjekk ho også greitt over under innandørs-NM i Rudhallen, men 1,35 vart litt i tyngste laget og Rise Kvalen rauk i alle tre forsøka. Samstundes var det berre ei jente som kom over 1,35, og då var det talet på forsøk på lavare høgder som blei avgjerande for kven som sikra seg medaljer. Caroline Haugan frå Bekkelaget og Johanne Rise Kvalen frå Dimna leverte best på dei lavare høgdene og dei to delte difor sølvet i høgde uten tilløp. Dermed Dimna-medalje allereie i første øving.

60 meter

Neste ut frå Dimna IL var Renate Grimstad. Ho deltek også i lengdekonkurransen under NM, men første øving var forsøk på 60 meter.  Grimstad har ikkje konkurrert veldig mykje dei siste åra, og det gjekk ikkje heilt raskt nok for Dimna-utøvaren i forsøket. Det blei dermed ikkje semifinaleplass på Renate Grimstad, men ho har fleire sjansar til å vise seg fram seinare i NM.

Tida til Renate Grimstad blei 8,42.

400 meter kvinner

Ei av nykomarane i Dimna IL, Caroline Amalie Sætre (tidlegare Fiskå IL), sprang 400 meter som si første øving under NM. Sætre som blir 17 i år nådde ikkje heilt opp til finaleplass. Frå før hadde ho ein personleg rekord på 1.01,01 frå Dimna Games tidlegare i år. Den blei slått under NM, og Sætre si bestenotering er no 1.00,40.

400 meter menn

Karsten Warholm var kanskje den største førehandsfavoritten i heile NM før han skulle ut på sitt forsøk på 400 meter. Warholm gjorde heller ikkje noko for å dempe favorittstempelet, då han sprang inn til rolege 50,02, men med full kontroll på resten av feltet.

- Heilt perfekt! slo trenar Leif Olav Alnes fast etter løpet. Han meiner Warholm leverte akkurat det han skulle i forsøket.

- Han spring så seint som mogleg, men er raskast. Veldig bra, fortel Alnes.

Warholm hadde beste tid i dei to forsøksheata, men måtte på ingen måte ta ut alt kruttet for å ta seg til finalen. Dermed bør det meste vere klart for høg fart under finalen seinare i kveld.

1500 meter

Etter ei lita pause i programmet under NMs første dag skal Ådne Andersen springe 1500 meter. Andersen sesongdebuterte på 800 meter i Ulsteinhallen sist helg, og skal etter planen springe både 1500 meter og 800 meter under NM.

Andersen gjekk svært offensivt ut på sin 1500 meter. Som einaste utøvar forsøkte han å følgje storfavoritten Jakob Ingebrigtsen frå start. Andersen heldt også godt følgje med supertalentet frå Sandnes. Mot slutten vart det for tung for Andersen, og han blei liggande å springe for seg sjølv mot slutten av løpet. På siste runde såg det ut til at medaljane kunne gleppe for Andersen, men på dei siste hundre meterane leitte Andersen fram nokre ekstra krefter og svara på angrepa bakfrå. Andersen kryssa streken som tredjemann og sikra dermed si andre bronse på øvinga på to år.

Kule

Ikkje overraskande var det Marcus Thomsen som sikra gullet i kulekonkurransen med eit støyt på 19,65. Mangekjempar Toralv Opsal frå Dimna IL sikra seg fjerdeplassen i konkurransen med 12,85. Opsal har vore skadd heile hausten, og skal difor berre delta i kule denne gongen.

Også i forsøket på 200 meter blir det Dimna-utøvarar. Alice Ulla Berg og Anna Garnes Kleven skal begge prøve seg i forsøket.

Høgdepunktet laurdag blir nok finalen på 400 meter der Karsten Warholm skal springe. Han kontrollerte greitt inn til førsteplass i sitt forsøksheat, men ein kan nok forvente ein god del meir fart i finalen.

Saka blir oppdatert med meir frå NM utover dagen.