Karsten Warholm gjorde som han ville. Sikra sitt femte NM-gull på rad på 400 meter innandørs. Samstundes sette han norsk rekord innandørs, og viste at treninga etter sist sesong ser ut til å ha gjort han endå betre.

Dermed kunne både Karsten og trenar Leiv Olav Alnes glise etter Warholm si einaste øving under årets NM.

- Dette var kjekt! slår Leiv Olav Alnes fast.

Kjekt med framgang

Warholm sin trenar har sett eleven sette to norske rekordar på to helgar.

- Vi kjem til å ha ein kort innandørssesong. Det var planlagt, for vi har ikkje lagt så stor vekt på det som skjer inne, men vi har trent utruleg godt. Eller, han har trent utruleg godt. Vi har også sett på trening at ting har sett bra ut, men det er veldig kjekt å få bekrefta det på stemne!

Så langt har Warholm berre testa forma utan hekkar. Samstundes er det langhekken han har som hovudprioritet, men også der må ein tilbakelegge 400 meter så raskt som råd.

- Det er alltid kjekt med framgang, slår Alnes fast.

Mot verdensbestenotering?

Og snart får Warholm teste forma med hekkar på bana. Om ei veke er planen at han skal springe 300 meter hekk i Tannerfors.

- Det er ei av dei få moglegheitene vi har til å springe noko som liknar på 400 meter hekk, det vil seie no er det 300 meter og sju hekkar. Samstundes er det den fasa han er best i. Han er best i starten og dette passar han bra. I fjor tangerte han også bestenoteringa i verda på distansen, som er satt av ein veldig god Sør-Afrikansk løpar, og no har han nye sjansar.

Som Alnes seier så har Warholm gjerne vore aller best i starten på sine løp. Trenaren er også klar på at dei ønskjer å bli enda betre også på dei siste hundre metrane.

- Vi har trening på det. Vi har ganske mange tiltak som vi kan sette inn. Når du har brukt opp alle tiltaka dine, då var det så god ein blei, seier Alnes.

Så langt har eleven hans blitt verdsmeister som 21-åring, noko som peikar på at han kan bli temmelig god, men Alnes har tru på at Warholm skal bli betre.

- Det er definitivt ting å jobbe med, seier Alnes, som samstundes legg til at arbeidet saman med Warholm er noko han set pris på.

- Eg kjenner meg veldig privilegert som får jobbe med Karsten. Han kjem jo frå ein møblert heim, og har eit lite og tett team rundt seg.

Ingenting slår stemninga i Ulsteinhallen

Hovudpersonen var seinast torsdag på besøk på slottet. Karsten gjekk dermed frå kongemiddag til kongeløp i løpet av få dagar. Då fekk det heller vere at norgesrekorden til Ulsteinhallen rauk allereie etter ei veke.

- Det kjem fleire sjansar! Den gjennomkøyringa eg fekk i Ulsteinvik var også viktig. Eg visste at det var store sjansar for at det kunne gå endå fortare her, rett og slett fordi Ulsteinhallen var første løpet denne sesongen. 400 meter er ein distanse ein må springe seg litt inn i. Ei helg betre og sju dagar meir trening gjorde litt forskjell, men det er ingenting som slår stemninga som var i Ulsteinhallen sist helg uansett, seier Warholm.

Han synest samstundes det var kjekt å sjå såpass mykje folk på tribuneplass i Rudhallen under rekordløpet hans laurdag.

- Det er kult for den sporten eg likar så godt!

I NM måtte Warholm også gjennom eit forsøk. Utan at det såg ut til å legge nokon dempar på prestasjonane i finalen.

- Vi tangerte den nordiske rekorden i dag og eg har aldri vore så rask innandørs tidlegare. Det er dritkult å ta med seg. Om det hadde gått endå raskasre utan forsøket er vanskeleg å seie, men eg synest det er kjekt at det er så mange påmeldt at det blir forsøk. Det er gladsituasjonen her, samstundes som eg er glad for at eg kunne springe så seint i forsøket som eg gjorde, smiler gullvinnaren.

Litt egoistisk

No gler Warholm seg til å også prøve korleis det går å springe med hekkar. Og han klarer ikkje å legge skjul på at det er freistande å bli verdas raskaste på 300 meter hekk.

- Det freistar litt å ha den for seg sjølv, på same måten som at det no freistar litt å ta den nordiske rekorden på 400 meter for seg sjølv. No deler eg den også, og på slike ting er eg litt kynisk og egoistisk, seier den sjølvsikre og sprudlande Dimna-utøvaren.

Noko han ikkje deler er gull på 400 meter. Med laurdagens gull er Warholm oppe i fem på rad innandørs!

- Det byrjar å bli ein bra statistikk. Det var også litt kult, for eg såg akkurat Björn Borg-filmen i går, og no er Wimbledon litt større, men den femte for han var også litt hard, så det var kult å sjå, smiler Warholm før han bevegar seg ut av presseområdet.

Warholm tok kommando i løpet frå start, og gav seg ikkje før gullet og rekorden var sikra.
Det er ikkje vanskeleg å sjå at Warholm har blitt eit stort namn i norsk friidrett. Etter gulløpet ville "alle" ha ein bit av Dimna-utøvaren.