Karsten Warholm var den store favoritten på førehand, og viste tydleg kvifor under NM i Rudhallen laurdag.

Han hadde ingen problem med å ta seg vidare frå sitt forsøksheat på 400 meter, og der tok Warholm det temmeleg roleg. I finalen sparte han ikkje på kruttet.

Warholm tok føringa i løpet frå start og det var ingen som kunne truge Dimna-utøvaren, som gjorde som han ville og kunne innkassere eit nytt NM-gull på øvinga.

I Ulsteinhallen sist helg sette Warholm innandørsrekord med 45,88, og det var difor spanande å sjå om Ulsteinhallen fekk beholde rekorden, eller om den blei kortvarig.

Svaret var kortvarig. Warholm storma nemleg inn til 45,59! Ei ny knalltid frå Warholm, som dermed beviste akkurat kor god han er.

Vinnartida er også ei tangering av den nordiske innandørsrekorden!