Etter ein innhaldsrik dag laurdag, der Dimna-utøvarar sikra seg både gull, sølv og bronse, er det no klart for nye øvingar og nokre nye medaljesjansar søndag.

Denne dagen inneheld mellom anna lengde, lengde uten tilløp, 60 meter hekk, 3000 meter kappgang, 800 meter og stafett, alle øvingar der Dimna IL har med utøvarar.

Lengdekvalifisering

Først ut var lengdekvalifiseringa. I utgangspunktet var kvalifiseringsgrensa på 5,50, men det skulle med 12 utøvarar til finalen. Dimna IL hadde med ei stor gruppe utøvarar, der det nok var størst forventningar til Johanne Rise Kvalen, som hadde pers over grensa på 5,50.

Det gjekk ikkje heilt så langt med Rise Kvalen i kvalifiseringa, men ho hoppa så langt at det aldri var tvil om at ho skulle vidare til finalen. Med 5,34 var ho fjerde best i kvalifiseringa. Også Caroline Amalie Sætre hoppa seg til lengdefinalen med eit hopp på 5,23.

Kappgang

Fride Møller Flatin sikra Dimna-medalje nummer fire frå NM, då ho gjekk inn til tredjeplass og bronse på 3000 meter kappgang. Merethe Helgheim frå Gloppen var det ikkje noko å gjere med. Storfavoritten vann øvinga som ho ville, men bak Helgheim blei det meir spanande.

Fride Møller Flatin la seg litt bak frå starten på løpet, men avanserte litt etter litt og la seg i tredje posisjon, eit stykke bak andreplassen. Mot slutten av konkurransen tok Møller Flatin også godt innpå jenta framom seg, men på siste runde hadde ikkje Dimna-utøvaren nok krutt i beina, og det enda med ein fin tredjeplass og dermed bronsemedalje til Fride Møller Flatin. Tida til F;øller Flatin vart 15.21,93.

Lengde uten tilløp (kvinner junior)

Både Anna Kleven, Kornelia Roppen og Johanne Rise Kvalen deltok i lengde uten tilløp søndag. Heilt i toppen var det Tone Sandtorv Brakedal frå Stord som var sterkast med eit hopp på 2,65. Johanne Rise Kvalen var best av Dimna-utøvarane med 2,46, noko som heldt til ein 6.-plass. Anna Kleven hoppa 2,23 og Kornelia Roppen hoppa 2,05.

Lengde (finale)

Siste individuelle øving med Dimna-utøvarar involvert var lengdefinalen, der Johanne Rise Kvalen og Caroline Amalie Sætre var kvalifiserte.

I opninga var det mange av deltakarane som sleit med å treffe planken, og det såg ei stund ut til at fleire av førehandsfavorittane skulle ryke ut før dei tre siste hoppa. Også Caroline Sætre sleit litt med planken, og fekk berre eitt godkjent hopp, som ikkje var i nærleiken av hennar personlege rekord.

Heller ikkje Johanne Rise Kvalen var heilt oppunder sin personlege rekord, men ho hoppa langt nok til å vere blant dei åtte som fekk tre ekstra hopp. Før den siste omgangen hadde Rise Kvalen 5,25 som si beste lengde.

Stafett

NM vart avslutta med 4x200 meter stafett for både menn og kvinner. I herreklassa hadde ikkje Dimna IL nok folk til å stille lag, men i kvinneklassa stilte Alice Ulla Berg, Renate Grimstad, Caroline Sætre og Anna Kleven.

Dimna-laget hadde litt småkluss i vekslingane sine, men dei fire løparane hadde såpass bra fart at dei tidleg tok kontroll over tredjeplassen og heldt denne heilt inn. Dermed bronse til Dimna IL i siste øving, og deira femte medalje totalt i NM.

Dette var også ei historisk medalje for Dimna, sidan det var første gongen idrettslaget har sikra seg medalje på ein kvinnestafett.