Det blei ei innhaldsrik helg for Dimna-utøvarane under innandørs-NM i Bærum Idrettspark. I toppen av denne saka kan du sjå ein stor bileteserie med glimt frå NM-helga.

Det heile opna med sølv til Johanne Rise Kvalen i høgde uten tilløp (kvinner junior) og vart avslutta med ei historisk bronsemedalje på kvinnestafetten i siste øving. I mellomtida hadde Ådne Andersen utfordra Jakob Ingebrigtsen på 1500 meter, Karsten Warholm leverte norsk og nordisk rekord på 400 meter innandørs, medan Fride Møller Flatin sikra bronse på 3000 meter kappgang.

Sjå også desse sakene frå NM:

Alle foto: Andreas Steinnes Bjerknes