Tatt ut til Nordenkampen

Ådne Andersen er med på det norske laget som skal ut i friidrettslandskamp i Uppsala.

Jakob Ingebrigtsen i front, med Ådne Andersen tett bak. Andersen var einaste løparen som gjorde eit forsøk på å henge på supertalentet frå Sandnes under 1500 meteren i NM. 

Sport

I helga sprang Ådne Andersen frå Hareid og Dimna IL inn til bronse på 1500 meter under NM i Bærum. No er han og ei rekkje andre norske utøvarar plukka ut til laget som skal representere Norge under Nordenkampen i Uppsala søndag. Uttaket er publisert på Norsk Friidrett sine nettsider.


- Nesten overraska over at eg klarte å henge med såpass godt

Ådne Andersen sikra seg bronse på 1500 meter, men det var måten han opna løpet på som kanskje imponerte aller mest.

 

Nordenkampen er ein landskamp mellom Norge, Sverige, Finland og Danmark/Island.

Karsten Warholm er ikkje med på det norske laget til Nordenkampen. Til helga er planen at han skal springe 300 meter hekk i Tammerfors, der han frå før har tangert verdsbestenoteringa til Llewellyn Herbert frå 1999. Både Warholm og Herbert sine løp på 34,92 har gått i Tammerfors.


Fem på rad for Karsten

Tangerte den nordiske rekorden på 400 meter innandørs. Men Warholm vil endå meir.



NM i bilete

Dimna-utøvarane fekk med seg fem medaljar heim frå innandørs-NM i Bærum. Her kan du sjå stor bileteserie frå dei to NM-dagane.

 

Det norske laget ser slik ut:

Kvinner:

60 meter:
Astrid Mangen Cederkvist, Sandnes IL
Helene Rønningen, IL Tyrving

200 meter:
Astrid Mangen Cederkvist, Sandnes IL
Helene Rønningen, IL Tyrving

400 meter:
Amalie Iuel, IL Tyrving
Hedda Hynne, Strindheim IL

800 meter:
Malin Edland, Larvik Turn & IF
Hedda Hynne, Strindheim IL

1500 meter:
Camilla Ziesler, Sandnes IL
Mina Marie Anglero, IL Tyrving

3000 meter:
Pernilla Epland, Stord IL
Maria Sagnes Wågan, Namdal Løpeklubb

60 meter hekk:
Marie Skjæggestad, IL Tyrving
Agathe Holtan Wathne, Sandnes IL

Høgde:
Tonje Angelsen, IK Tjalve
Caroline Fleischer, Ski IL

Stav:
Lene Retzius, IL i BUL
Hedda Kjølberg Hauge, Ski IL

Lengde:
Hanne Berit Irgens, Sandnes IL
Live Haugstad Hilton, IL Gular

Tresteg:
Oda Utsi Onstad, Norna-Salhus IL
Solveig Hernandez Vråle, IL Sandvin

Kule:
Charlotte Lund Abrahamsen, IK Tjalve
Marit Jørgenrud, Spydeberg IL

Menn:

60 meter:
Jonas Halonen, IL Tyrving
Jonathan Quarcoo, FIK Orion

200 meter:
Mathias Hove Johansen, IL Skjalg
Carl Emil Kåshagen, Moelven IL

400 meter:
Joakim Sandberg, Sandnes IL
Fredrik Øvereng, Overhalla IL

800 meter:
Thomas Arne Roth, Ull/Kisa
Didrik Hexeberg Warlo, IL Tyrving

1500 meter:
Tom Erling Kårbø, Stord IL
Ådne Andersen, Dimna IL

3000 meter:
Sigurd Ruud Skjeseth, IK Tjalve
Marius Vedvik, IL Gular

60 meter hekk:
Marcus Theodor Moen, Ull/Kisa IL
Henrik Holmberg, Vik IL

Høgde:
Henrik Holmberg, Vik IL
Frederik Jahr, IL Tyrving

Stav:
Eirik Dolve, Fana IL
Pål Haugen Lillefosse, IL Gneist

Lengde:
Amund Høie Sjursen, IL Gneist
Henrik Flåtnes, Tønsberg FIK

Tresteg:
Erik Lund, IL i BUL
Erlend Bolstad Raa, Fana IL

Kule:
Marcus Thomsen, IK Tjalve
Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus IL