Vurderer ekstra sluttspel i 6.-divisjon

Sport

Tysdag presenterte Sunnmøre Fotballkrets (SFK) speleplanane for dei tre 6.-divisjonsavdelingane på Sunnmøre.


Det blir Ytre-avdeling i 6.-divisjon

Sunnmøre Fotballkrets går inn for tre avdelingar denne sesongen.

 

For avdelinga der laga frå ytre søre Sunnmøre er plassert er det no klart at dette blir ei avdeling med åtte lag, der det skal spelast dobbel serie. Det vil seie at laga får 14 seriekampar denne sesongen. Første serierunde skal spelast 18. april, medan siste runde går i veke 40.

Hareid 2 opnar med heimekamp mot Larsnes, medan Hasundgot spelar borte mot Bergsøy 2 i serieopninga. Hødd 3 har heimekamp mot Gjerdsvik/Larsnes/Gursken FK. Hødd 3 - Hasundgot 2. mai blir første skikkelege lokaloppgjeret, før Hasundgot tek imot Hareid 2 til 16. mai kamp.

Med berre åtte lag i avdelinga blir det som nemnt berre 14 kampar, mot 20 i 2017.

SFK skriv på sine nettsider at dei har registrert eit ønske frå nokre klubbar om fleire kampar, og SFK vurderer dirfor å opprette eit ekstra sluttspel for laga som kjem på 2. til 5.-plass i kvar avdeling, samt moglegheita for sluttspel også for lavare plasserte lag. Dette kjem i tillegg til KM-sluttspelet, der avdelingsvinnarane spelar om KM-tittelen.

Det er lagt opp til terminlistemøte på Color Line stadion 15. februar, og der er ekstra sluttspel blant det som vil bli diskutert.