Lokaloppgjer 16. mai

Speleplanen for 3.- og 4.-divisjon er klar.

Hødd er vertskap for lokaloppgjeret mot Hareid 16. mai.  

Sport

I fjor var det herrelaget til Hareid IL og Hødd 2 som møttest til 16. maikamp. I år er det kvinnene sin tur.

Det er klart etter at Sunnmøre Fotballkrets har lagt fram speleplanane for 3.- og 4.-divisjon kvinner for den komande sesongen.

Hareid vann 4.-divisjon i 2017 og skal spele 3.-divisjon denne sesongen, og der møter dei naboane frå Hødd. Første oppgjeret mellom laga blir på "fotballens festdag" 16. mai i ein kamp som er lagt til Høddvoll. Hareid - Hødd skal spelast 12. september på Hareid.

Om lag ein månad tidlegare opnar sesongen både for Hødd og Hareid, og begge laga startar på heimebane. Hareid skal møte HaNo i første kamp, medan Hødd er vertskap for FK Sykkylven. Det er ni lag i avdelinga, som skal spelast som dobbel serie.

Også speleplanen for 4.-divisjon, der Hødd 2 skal spele, vart lagt fram denne veka.

Hødd 2 opnar med heimekamp mot Aksal 19. april. 4.-divisjonsavdelinga har ti lag, og møtet med Bergsøy/Tjørvåg/Gurskøy blir det næraste ein kjem lokaloppgjer for Hødd 2.