Hentar keeper frå Rollon fram til sommaren

Jonas Mathiesen blir Hødd-spelar. I første omgang fram til 15. juli.

Ny keeper: Jonas Mathiesen blir Hødd sin nye keeper. Jan Lennart Urke er skadd, samstundes som at Hødd skal spele både 2.-divisjon og 3.-divisjon denne sesongen, og klubben har difor vore på jakt etter ein ekstra keeper.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Med Jan-Lennart Urke ute med skade, og med Ole Monrad Alme som einaste keeper i A-stallen har Hødd vore nøydde til å sjå seg om etter ein ekstra keeper. No er keeperjakta over.

Frå Rollon til Hødd

Og det er ikkje noko stor overrasking at løysinga heiter Jonas Mathiesen. 24-åringen har vore med på treningar med Hødd både før og etter jul, og keeperen stod også heile treningskampen mot Herd sist veke.

Sonen til den tidlegare AaFK-keeperen Frank Mathiesen har, med unntak av ein sesong i Skarbøvik, spelt i Rollon sidan 2012, og i 2016 stod han 24 kampar for klubben i 3.-divisjon.

Etter å ha trent med Hødd i lengre tid er det no klart at Mathiesen blir Hødd-spelar.

Fram til sommaren

Det stadfestar sportssjef André Nevstad til Vikebladet Vestposten fredag. Mathiesen har skrive under på ei kontrakt med Hødd som varer fram til 15. juli.

– Dette er todelt. Det eine er at Jan-Lennart er venta å kome tilbake igjen på eitt eller anna tidspunkt, samstundes som at Jonas er ferdig med studiane til sommaren. Dermed kan vi gjere opp status i sommar, der vi får sjå på situasjonen når «Jalle» er tilbake, og vi får vurdere litt kva vi skal gjere vidare, fortel Nevstad.

Greitt med fire keeperar

Med Urke ute med skade vil Mathiesen få godt med sjansar i 3.-divisjon, og vil også vere den som må steppe inn dersom Ole Monrad Alme ikkje er tilgjengeleg.

– Så lenge vi hadde både Jan-Lennart og Ole Monrad, i tillegg til Isak Endal og Joakim Ulstein i rekruttstallen, så hadde vi fire keeperar. Det er veldig greitt når alle er friske, men vi visste at det kunne bli noko sårbart dersom nokon blei skadde, fortel Nevstad.

– Ein bra sjanse

Han legg til at klubben meiner dei har to spanande keeperar i rekruttstallen, men med ein klart tøffare kamparena for Hødd 2 denne sesongen, så kan det også vere ein fordel å ha meir rutinerte keeperar å ta av.

– Jonas har gjort det bra og er ein god keeper på 24 år, så når vi måtte ha inn ein keeper til, både for kamp og trening, så er dette ein bra sjanse for Jonas og ei god løysing for oss for å få kabalen til å gå opp. Så får vi sjå fram mot sommaren, når Jan-Lennart er tilbake, korleis ting blir då, fortel Nevstad.