Hareid kan ta tilbake tabelltoppen

Med to sigrar på sine fire siste kampar kan Hareid sikre avdelingssigeren.

Heimefavoritt: Hareid kan ta tilbake tabelltoppen med eit godt resultat heime mot Haram Handballklubb, og Hareid er store favorittar laurdag. Laget har nemleg berre gitt frå seg eitt poeng heile sesongen.  Foto: Jon-Arild Vatne

Sport

Det er langt mellom kampane i 5.-divisjon for Hareid. Laget vann 15–17 i ein bortekamp mot Rival første helga i januar, og laurdag spelar laget sin andre kamp etter nyttår, no heime i Hareidhallen.

Sesongen så langt har vore god for Hareid, med fem sigrar og ein uavgjort på sine seks første kampar. Hareid har dermed alt i eigne hender, og kan sikre seg avdelingssigeren med eit par gode resultat til.

Laurdag kjem Haram Handballklubb til Hareid, i ein kamp der heimelaget er store favorittar. Då laga møttest i haust vann nemleg Hareid med 20 mål.

Før kampen har Hareid falle ned til ein tredjeplass på tabellen med sine 11 poeng, men laget vil truleg ta tilbake tabelltoppen med siger. For både Mauseidvåg/Solevåg (13p) og Rival (12p) har spelt tre kampar meir enn Hareid, og har berre ein kamp igjen av sine sesongar. Hareid har fire, og har gode moglegheiter til å sikre seg avdelingssigeren med to sigrar på dei fire siste kampane.