Karsten Warholm har i ein alder av 21 år oppnådd ting dei fleste berre kunne drøymt om å oppnå i løpet av ein heil karriere. I dei fleste sine auge nådde han toppunktet hittil då han blei verdsmeister på 400 meter hekk under VM i London i august i fjor.

Laurdag nådde han nok ein ny milepæl, under eit stemne i Tampere i Finland. Sjølv om han tangerte verdsbestenoteringa nokosinne på 300 meter hekk på same stad i fjor, har det dette siste året vore eit mål for Karsten å få ha denne prestasjonen for seg sjølv.

- Eg er ikkje eigentleg spesielt storkrevjande, men eg må innrømme at det er godt å eige denne rekorden heilt for meg sjølv. No er det faktisk ingen som har vore raskare eller like rask som meg, sa Karsten Warholm til Vikebladet Vestposten, via ei skurrete telefonlinje, seint laurdag kveld.

34.26 var tida han kom i mål på, og med det senka han verdsbestenoteringa som han delte med sør-afrikanske Llewellyn Herbert (34.92), betydeleg.

Gjekk betre enn forventa

Norsk friidretts store stjerne for tida såg før starten på løpet nesten ikkje affisert ut i det heile av at han no hadde sjansen til å bli tidenes raskaste menneske på denne distansen. Startskotet gjekk, og han avanserte gjennom fyrste svingen med sine karakteristiske, lange og raske steg. På langsida såg ein at dette ville bli ein enkel siger i kamp mot eit felt beståande berre av finnar, og gjennom neste sving var han så dominerande at dei som kom bak han var langt bak. Han stupte inn over målstreken og sette tidenes raskaste tid over 300 meter med hekkar, og skreiv seg nok ein gong inn i historiebøkene.

- Det gjekk faktisk nesten betre enn eg hadde forventa. Eg lét som regel aldri tankane mine begrense meg, og det viste eg eit godt prov på her. Det var ei herleg kjensle å krysse målstreken, og å finne ut at eg hadde slått tida frå i fjor, seier Karsten.

Med eit høgt "ja!" vendte han seg mot publikum, som svara med trampeklapp for den framstormande ulsteiningen.

- Det er kjekt å setje nye rekordar, uansett om det er inne eller ute, seier han.

- Spring raskare

For dei som kanskje trur at Karsten var på toppen av karrieren sin då han tok VM-gull i London kan raskt få svar på tiltale. Det kan skje nye, store ting, allereie under EM i august. Men først skal han etter planen mellom anna innom Bislett 7. juni. Og før det igjen blir det mykje trening for å bli klar for ein ny utandørssesong.

- Bislett Games blir eit av måla mine også i år, utan tvil. Det er ei hending som står høgt for meg, seier Karsten Warholm.

Han føler at løpet han presterte i Tampere no i helga gav han ein god peikepinn på kva det norske folk og ikkje minst han sjølv kan forvente av han i år.

- Det var gode signal. Farta er høgare, og om eg spring raskare enn eg gjorde i fjor er det svært lovande. Men, det er viktig når ein presterer godt, og kanskje slår ein rekord, at ein aldri går heilt av skaftet. Altså, det er kjempehyggeleg at noko så primitivt som springing kan engasjere så mange og gjere at ein får augene opp for friidrett, men eg må først og fremst jobbe med meg sjølv, og jobbe med det eg og Leif Olav (Alnes, trenaren til Karsten) har sett oss som mål.

Spissar forma mot EM i Berlin

Det er nok fleire år sidan premieskapet til Karsten var tilnærma overfylt, og med alt han har oppnådd dei siste åra i tillegg, er det berre å tenkje seg kvar han skal gjere av alt han får. Det kan som sagt bli meir jubel og medaljar for Karsten i år, men viktigast av alt er at det framleis er kjekt å halde på med friidrett, meiner hovudpersonen sjølv.

- Det er framleis veldig gøy dette, og det er trass alt det viktigaste. Hadde eg ikkje hatt det gøy, og visst korleis eg skal utvikle meg vidare, så hadde eg nok ikkje gjort dette meir, seier Karsten, som fortel at han og trenaren Leif Olav Alnes jobbar knallhardt for å spisse forma inn mot EM i Berlin 7.-12. august.