Med tre kampar igjen etter laurdagens overtydande storsiger over Haram ligg Hareid på same poengsum som Mauseidvåg/Solevåg på førsteplass, men då med to kampar mindre spelt. 13 poeng har Hareid tatt på sine sju kampar hittil i sesongen.

Hareid var forventa å vere favorittar mot Haram, og favorittstempelet var ingen hemsko for heimelaget, som viste kvar skapet skulle stå ved å leie heile 15-3 til pause.

Over i andre omgang var Haram noko kvassare framfor mål, men det var likevel Hareid som kunne juble for to nye poeng etter å ha sikra seg ein solid siger og 26-13 i målprotokollen. June Bergseth noterte seg for sju mål denne kvelden, men toppscorar for Hareid vart Andrea Fjeld Hansen, med åtte.

Kampfakta

Hareid - Haram 26-13 (15-3)

Hareidhallen

Dommarar: Liv-Janne Dalehamn og Guri Margrethe Brevik

Hareid: Maria Slettebakk, Sara Bigset, June Bergseth (7), Susanne Bigset (1), Iselin S. Klungsøyr (1), Gunhild Feiring, Lene Mari Andresen (1), Maria A. Slettebakk, Marte Giske (1), Maria Juul Hansen, Cecilie Skeide (6), Andrea Fjeld Hansen (8), Linda Marie G. Kostaris (1)