Tredjeplass i Nordenkampen

Ådne Andersen senka innandørspersen sin under Nordenkampen.

Som under NM i Bærum sist helg vart det ein tredjeplass bak Tom Erik Kårbø på Ådne Andersen. Denne gongen representerte dei to Norge på 1500 meter under Nordenkampen i Uppsala.  

Sport

Det var sølv-, og bronsevinnarane frå 1500 meter i NM som representerte Norge på distansen under Nordenkampen i Uppsala denne helga. Ådne Andersen frå Dimna IL og Tom Erik Kårbø, som slo Andersen i NM sist helg.

Under Nordenkampen var det dei to norske utøvarane, som saman med svenske Daniel Lundgren, tok grep om løpet.

Lundgren viste seg til slutt å vere sterkast og sprang inn til førsteplass med tida 3.48,69. Kårbø tok andreplassen med 3.48,91, medan Ådne Andersen sikra ein ny tredjeplass med 3.49,16. Dette var ny innandørspers for begge dei norske utøvarane.

Ådne Andersen var i leiinga heilt til det stod att ei runde av løpet. Han prøvde også å svare på angrep frå Kårbø og Lundgren, men på oppløpet hadde ikkje Andersen meir å køyre med.

Det norske laget enda på ein 3.-plass i Nordenkampen, både for kvinner og menn. Sverige var suverene i begge klassene. Dei norske herrane var berre halvanna poeng bak Finland i kampen om andreplassen.