Onsdag ettermiddag har Hødd offentleggjort at både Peter Hasund (99) og Isak Skotheim (01) har signert a-kontrakter med klubben. Hasund har signert ei kontrakt ut 2019, medan Skotheim har signert ut 2020.

- Det var kjekt når eg endeleg fekk beskjeden om å bli ein del av A-stallen. I treningskampane til no har eg også fått ein del speletid og gode tilbakemeldingar, noko som eg er svært glad for. I tillegg håper eg å ta steg i åra som kjem, og det å få trene på eit høgre nivå med enda større intensitet på trening håper eg skal utvikle meg til å bli ein betre fotballspelar. Har ambisjonar om å spele fast på A-laget løpet av året og håper å kunne bidra med fleire skoringar for laget, seier Peter Hasund i pressemeldinga frå Hødd.

Hasund har bidrege frå start i treningskampane til Hødd så langt i vinter, og scora også det tredje målet borte mot Herd.

Isak Gabriel Skotheim fekk sitt første innhopp i 2.-divisjon allereie hausten 2017. Han kom inn etter 75 minutt i 1-0 sigeren over Hønefoss på Høddvoll. No er ungguten tatt opp i A-stallen.

- Veldig stort å bli tatt opp i A-stallen og har alltid tenkt at ein gong i framtida at eg skulle få sjansen til det. Stort for meg å få moglegheita. Eg meinar at eg har nivået inne og vil vise det!, seier ungguten.

Hødd sin sportssjef André Nevstad seier dette om dei to unggutane:

- Peter har hatt ei jamn og positiv utvikling over tid og kan spele både spiss og på midtbana. Vi ser for oss Peter som ein komande target-spiss med sin fysiske styrke, samtidig som han veit kvar målet står. Han har gode ferdigheiter og har eit stort potensiale som vi gler oss til å utvikle vidare i åra som kjem.

Isak er ein offensiv og kreativ midtbanespelar som fikk sin debut i serien for A-laget hausten 2017. Ein spelar med eit veldig stort potensiale, som har evna til å ta seg forbi motspelarar og skape ubalanse. Isak har god teknikk, oversikt og balanse, og tross sin unge alder vist at han er klar for nye og større oppgåver.

Isak Skotheim fekk prøve seg i sluttminutta mot Hønefoss i 2.-divisjon sist sesong. No er han henta opp i a-stallen.