Vinden tok tidvis godt tak på Hasundgot stadion, som også var noko innsnevra denne kvelden på grunn av is på eine langsida. Elles var kunstgraset stort sett snøfritt, noko ein ikkje har hatt garantiar for tidlegare i oppkøyringa. Kampen skulle eigentleg ha vore spelt sist veke, men då var det ikkje mogleg å gjennomføre den på grunn av forholda.

Mot det unge Hødd-laget stilte Hasundgot med ein tidlegare Hødd-profil frå start. Den nye Ørsta-trenaren Vegard Heltne var nemleg med som stoppar for moderklubben. Også Trond Haugland var tilbake på banen for Hasundgot i denne kampen.

Hasundgot fekk også den beste starten og scora på sin første skikkelege sjanse i kampen. Sebastian Moldskred Kleven sprang frå Hødd-forsvaret og sette ballen sikkert forbi Andreas Moldskred.

Bortelaget hadde samstundes klart mest av ballen, og dominerte tidvis i banespelet. Hødd 3 svara også kjapt på Hasundgot si scoring og Håkon Thormodsæter sette inn 1–1 frå 16 meter. Kort tid seinare var det 1–2 og Hødd 3 heldt fram med å skape mest, sjølv om det ikkje blei veldig mange store sjansar.

Ut med skade

For Vegard Heltne, som gav seg med toppfotballen etter 2017-sesongen, vart det dessverre berre ein kort kamp. Allereie før det var spelt 20 minutt måtte Heltne ut med det som såg ut til å vere ei kneskade.

Også i den andre omgangen var det Hødd 3 som skapte mest, og som fortent auka til 1–3. Bortelaget fekk også sjansen til å sette eit fjerde mål frå straffemerket, men keeper Joakim Rødven vart fint nede i hjørnet og slo unna. I staden reduserte Hasundgot til 2–3 på straffe like før slutt. Dommaren burde gitt frispark i staden for straffe, men Ivar André Aadland var sikker frå 11 meter. Fleire mål blei det ikkje, og Hødd 3 vann dermed duellen mellom avdelingskollegaene.

Dermed blei det tap i første kampen med Muren og Gustavsen som trenarar for Hasundgot. Utan at resultatet var det viktigaste denne gongen.

– Nei, vi får oss ei gjennomkøyring. Vi har ein del skader og ein del spelarar som er vekke til denne kampen, så det var ikkje noko toppa lag vi stilte, fortel Øystein Muren.

Tek med det positive

Hasundgot flytta også litt rundt på folk i løpet av kampen, slik at trenarane fekk sjå nokre spelarar i ulike posisjonar.

– Vi veit ikkje heilt kva formasjon vi kjem til å satse på når sesongen tek til, men med slike kampar så får vi lært litt fram til neste gong og vi tek med oss det som var positivt, mellom anna at vi scorar to mål, seier Muren.

På grunn av ein del snø på Hasundgot stadion så langt denne vinteren har ikkje laget fått trene så mykje ute, men i staden lagt nokre treningar til Ulsmohallen. Med ei litt mindre bane der får ein ikkje gjort alt ein kan ute på full bane, og dermed var det greitt for trenarane å sjå laget i kamp.

– Ja, det er godt å kome i gang, slår Muren fast.

Hasundgot stilte dette laget: Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Joakim Gustavsen – Tobias Skotheim, Ivar Aadland, Nicolai Molvær, Sebastian M. Kleven  – Jørgen Kleiven, Ruben Muren, Marius Muren

Innbytarar: Truls B. Sørnes, Mats Bigset, Trond Haugland, Svein Eirik S. Ertesvåg

Vegard Heltne spelte frå start for Hasundgot, men måtte dessverre ut med skade tidleg i den første omgangen.