– Vi har no blitt samde om at det frå første januar 2019 skal vere installert oppsamlingsutstyr på kunstgrasbanar i Noreg, for å hindre at gummigranulat kjem ut i avløpssystemet. Dette er eit betydeleg forureiningsproblem, og er den nest største kjelda til mikroplastforureining frå den norske landjorda, seier Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV, til NRK.

– Stortinget ber regjeringa innføre eit regelverk, som sikrar at effektivt utstyr for oppsamling av gummigranulat frå eksisterande og nye kunstgrasbanar vert teke i bruk, med verknad frå 1. januar 2019, står det i stortingsvedtaket.

– Vi har jobba med dette i lengre tid, og på sikt ønskjer vi også eit forbod innan 2023. Dette er eit viktig skritt på vegen, seier Haltbrekken.

Jon Asgaut Flesjå, regional anleggskonsulent i Norges Fotballforbund, er glad for at problemet med gummigranulat no blir tatt på alvor.

– Vi har rekna med at det ville komme ei forskrift, men vi har allereie jobba mykje med å informere om problemet. Eg håpar forskrifta kan føre til ei bevisstgjering hos baneeigarane, for det er mange som har eit stort forbetringspotensial, seier han.

Eit rimeleg tiltak som er nemnt for å fange opp gummigranulat er silar i kummane rundt banene. Det finst i dag i overkant av 1.500 kunstgrasbanar her i landet, og dei fleste av dei inneheld gummigranulat.