Aksel Lund Svindal, Kjetil Jansrud, Ragnhild Mowinckel og Henrik Kristoffersen har alle sikra norske alpinmedaljar under OL i Pyeongchang den siste tida, men sjølv om OL går føre seg for fullt i Sør Korea, så blir det også køyrt alpint på våre kantar.

I helga vart det gjennomført ei rekkje renn på Strandafjellet, arrangert av Stranda Alpin.

Anny Våge Molvær frå Ulsteinvik var med heilt i toppen av alle dei fire renna ho stilte i. Våge Molvær utkjempar ofte tette duellar med lagvenninne Mathea Stranden frå Ørsta Alpin, og slik var det også denne helga. I Super G var det Stranden som leverte aller råast, og som vann to av to renn, med Anny Våge Molvær på ein andreplass. Mathea Stranden var om lag sekundet raskare enn Våge Molvær i begge renna i Super G, men dei to var også klart framom resten av deltakarane.

Anny Våge Molvær har tidlegare fortalt til Vikebladet Vestposten at ho synest dei tekniske disiplinane er kjekkare enn fartsdisiplinane i alpint. Det såg ein også teikn til i superkombinasjonen (Super G og Slalåm). Etter Super G var det Mathea Stranden som var i leiinga, 1,3 sekund framom Anny Våge Molvær, men i slalåm var det ingen som kunne hamle opp med jenta frå Ulsteinvik, som til slutt vann 1,45 sekund framom Stranden.

Også i storslalåm skulle det bli siger til Våge Molvær. Som i dei føregåande konkurransane såg det ut til å gå mot ein tett duell mellom Våge Molvær og Mathea Stranden. Stranden var i føringa etter den første omgangen, men køyrde ut i den andre omgangen og dermed var det ingen som kunne stoppe Våge Molvær. To sigrar til kvar av Ørsta-alpinistane i løpet av helga, og dei to gjorde dermed reint bort i J14-klassa.