I starten av mars skal årsmøtet i IL Hødd vedta budsjettet for 2018. Allereie no er det klart at fotballen må prioritere knalltøft det komande året.

Inntektene frå spel i 2.-divisjon er ikkje i nærleiken av det Hødd ville tene på å spele i Obosligaen.

– I fjor fekk vi 40.000 kroner i utviklingsmidlar. I Obosligaen kan du nok legge på to nullar, altså fire millionar. Det er utruleg stor forskjell og for ein så stor klubb som Hødd så er det krevjande å vere i PostNord-ligaen. Vi må kome oss opp att så fort som mogleg, seier Oddmund Davik Otterlei.

Tøffe tider

IL Hødd Fotball sin daglege leiar er i innspurten på arbeidet med sitt første budsjett. Han legg ikkje skjul på at det er eit krevjande arbeid.

Det er ikkje berre inntektene frå spel i Obosligaen som uteblir. Med tøffe år for næringslivet blir også sponsormarknaden meir krevjande, og med sviktande resultat på bana minkar også kampdagsinntektene.

– Sponsorane gjer det dei kan for å støtte oss, men også der er det tøffe tider. Viljen er der, men det er ikkje alltid evna er like stor. Vi er samstundes veldig, veldig glade for at dei aller fleste er med oss vidare og at dei støttar oss i så stor grad som dei kan, fortel Davik Otterlei.

Vanskeleg balansegang

Sviktande inntekter får konsekvensar. I arbeidet med budsjettet leitar Hødd etter moglegheiter for å spare der dei kan.

– Vi prøvar å sjå kvar vi kan kutte utan at det går ut over den sportslege satsinga. Den er utruleg viktig for å kome seg opp att og vi må legge nok i potten til at vi kan rykke opp igjen.

Samstundes kan ikkje Hødd kaste alt på bordet på ein gong.

– Det er ein utruleg vanskeleg balansegang. Ein må legge nok i det denne sesongen, men vi må også ha råd til å ikkje rykke opp. Det som er klart er at vi ikkje kan vere for lenge på dette nivået, fortel Davik Otterlei.

Kuttar der det er mogleg

Dersom Hødd ikkje kjem seg tilbake til toppfotballen innan rimeleg tid, så vil det få konsekvensar for vidare satsing.

– Elles må ein gjere store grep på kostnadssida. Vi har allereie gjort ein del grep, men blir vi verande på dette nivået over tid, så vil ein måtte gjere endå større grep.

I år har den stramme økonomien ført til at ein ikkje har tatt seg råd til å bruke undervarme på Høddvoll. Bemanninga i administrasjonen er også noko redusert, og Davik Otterlei fortel at ein prøvar å kutte kostnadar der det er mogleg.

– Spelarane må også vere budde på at nokre gode kan bli fjerna. Vi må kutte der vi kan, for det er ingen tvil om at det blir eit kostnadskrevjande år med eitt lag i 2.-divisjon og eitt lag i 3.

For denne sesongen blir det mykje reising, for både a-laget og rekruttane. Det kostar mykje, sjølv om det er mykje positivt med at andrelaget skal spele 3.-divisjon.

– Det er ei fantastisk sportsleg utfordring, men både spelarlogistisk og kostnadsmessig blir dette eit veldig puslespel.

Samstundes som at Hødd gjer det dei kan for å kutte kostnadar, ønskjer klubben også å auke inntektene der det er mogleg. Davik Otterlei peikar mellom anna på fotballskular, ei stor futsalturnering og andre aktivitetsskapande tiltak kan vere måtar Hødd kan hente inn ekstra inntekter på.

– På utgiftssida må vi prøve å kome lågare ut, og vi må prøve å generere meir inntekter. Det blir mykje av mitt fokus.

Budsjetterer med tap

I fjor enda Hødd i minus. Noko meir enn ein hadde håpa på. Truleg blir det også raude tal i år.

– Slik det ser ut no så budsjetterer vi med eit lite tap. Det eg kjem til å signalisere no er at eg heile tida må ha rapportar som gir meg oversikt og kontroll. Ser ein at det ikkje går, då må vi truleg gjere grep, seier Davik Otterlei.

Han ønskjer seg ingen negative overraskingar på den økonomiske biten i løpet av året, og vil difor følgje tett med på utviklinga gjennom året.

Som Davik Otterlei er inne på så må ein truleg gjere ytterlegare grep dersom ein ikkje klarar å ha god nok kontroll.

– Då kan det vere snakk om permitteringar. Det er verste konsekvens. Difor er det viktig at ein har kontroll, at ein har oversikt over kva som kjem inn og går ut, fortel han.

Håpar på opprykk

Og det er ingen tvil om at a-laget sine sportslege resultat denne sesongen vil ha påverknad på drifta i klubben framover.

– Det blir nok vanskeleg for oss å drive så stort som vi gjer, dersom vi blir verande i PostNord-ligaen over tid. Då må vi nok gjere større endringar. Då blir det nok færre hender som skal gjere same jobben.

Difor håpar den daglege leiaren på at Hødd går mot ein positiv sportsleg sesong.

– Opprykk til Obosligaen vil gagne heile Hødd, både damefotballen og heilt ned til dei yngste. Alle vil drage nytte av dei ekstra millionane som vil kome inn, slår Davik Otterlei fast.