Sjølv ville han helst hatt ei større rolle i Hødd, men klubben kunne ikkje tilby anna enn ei redusert stilling. Dermed takka Ronny Osnes for seg etter ei årrekkje i dei blåkvite si teneste. I staden er det i skuleverket Osnes no skal ha si hovudrolle.

– No jobbar eg hundre prosent på skulen og det trivst eg faktisk veldig bra med. Eg seier «faktisk» fordi eg tenkte at når Hødd starta opp att, så kom eg til å ha tankane der og sakne det litt, men det har eg ikkje gjort. Ein jobbar i eit team på skulen også og det har vore veldig kjekt så langt, fortel han.

Mindre rolle i Fortuna

Dei seinaste åra har Osnes, saman med makker Frode Gjerde hatt ansvaret for utviklinga til keeperar som mellom anna Ørjan Håskjold Nyland, Aslak Falch, Jan-Lennart Urke og Ole Monrad Alme. Men sjølv om Osnes no i hovudsak er lærar, så har han ikkje lagt hanskane heilt på hylla.

– Eg kom i kontakt med Magne Elde, hovudtrenaren i Fortuna. Han synest det hadde vore spanande å få inn meg der, men eg såg eigentleg ikkje på det som veldig aktuelt.

For med full jobb i Ulsteinvik var det ikkje så freistande å pendle til Ålesund på trening fleire gongar i veka. Osnes går likevel inn som ein del av trenarteamet til 2.-divisjonslaget.

– Eg skal vere der ein gong i veka på trening og så har eg ikkje vore med på kampar endå, men når sesongen kjem så vil eg prøve å få med meg så mykje som mogleg. Difor synest eg det er litt «funny» når folk gratulerer meg med ny jobb, for det er berre eit lite engasjement.

Fortuna vart stifta så seint som i 1991, men har lenge vore lokomotivet i kvinnefotballen på Sunnmøre. No spelar laget i 2.-divisjon, og på same måten som Hødd ligg klubben eit nivå under det ein helst skulle ønske.

– Ein ønskjer å rykkje opp. Vi har hatt eit lite generasjonsskifte, og har mykje unge spelarar, men dei er svoltne, lærevillige og har gode ferdigheiter, seier Osnes.

Vil halde seg skarp

Samstundes held Osnes fram som keepertrenar for det norske J19-landslaget. Og det var også noko av årsaka til at han enda opp i Fortuna.

– Eg hadde ein mistanke om, og eigentleg fått bekrefta at «treningssynet» eller skarpheita ikkje er like god dersom ein ikkje er på treningsfeltet. Det er ikkje gunstig verken for meg eller dei eg skal jobbe med på J19-landslaget. Der må ein vere «på» frå første sekund og ein har ikkje tid til å bruke ei trening på å kome i gang, fortel keepertrenaren.

Difor kan Osnes bruke treningane med Fortuna til å halde seg skarp.

Det trengst når ein jobbar inn mot det som Osnes skildrar som eit svært lovande landslag.

– Det er spelarar som stort sett spelar på øvste nivå i Norge, svært dedikerte og motiverte, samt svært lydhøyre. Kanskje endå meir enn gutane. Vi har eit ganske bra lag no, sjølv om vi ikkje har same breidda som Tyskland. Det er kanskje den beste troppen vi har hatt medan eg har vore med rundt J19-landslaget.

Det seier sitt, når Osnes mellom anna har vore med eit lag der ein hadde spelarar som Hegerberg, Hegerberg, Graham Hansen og Haavi.

– Dette laget har nok ikkje dei same einarane, men som lageining så veg det opp, seier Osnes, som legg til at målet for landslaget i år er å kome seg til EM i juli.

For keepertrenaren er han no på veg inn i ein sesong der det blir mykje mindre fotball enn det har vore dei siste åra.

– Det var trasig å ikkje få fortsette i Hødd, men eg vil ikkje kalle det eit sjokk. Eg visste jo kva situasjon klubben var i, og når signalet kom om eg ville fortsette i ei mindre stilling, så skjønte eg tidleg kva veg det gjekk.

Ikkje nok tid til å gjere jobben

For sjølv ville Osnes helst hatt ei større rolle i klubben. Å redusere stillinga var ikkje aktuelt.

– Det hadde med ønsket om å gjere ein god jobb, for eg veit kva som skal til. Du må følge opp spelarane, ikkje berre ferdigheitsmessig, men også som ein del av laget og slike ting. Det å kome for å ha keeperane ein halvtime til tre kvarter før trening og deretter gå igjen, eller berre vere der ein eller to gongar i veka, det tenkjer eg ikkje er godt nok til å halde oppe den kvaliteten som vi har hatt, fortel han.