Sidan sist kamp har Hødd endeleg fått trent litt utandørs, og det er noko Hødd-trenar Sindre Eid set pris på.

– No kjennest både bana og temperaturen heilt nydeleg ut, det hjelper på treningane, men også oppe i hovudet, seier Eid.

Med fem veker att før seriestarten treng Hødd desse treningane på full bane, etter ein vinter der spel på mindre bane i Ulsmohallen har vore hovudregelen.

– No får så gode treningsforhold som det er mogleg å få, så det er heilt topp, seier Eid, som no håpar vintervêret har gitt seg for i år.

Fredag skal laget hans bryne seg på Sogndal, som rykte ned etter å ha tapt kvalifiseringsfinalen mot Ranheim. Obosligalaget blir truleg den tøffaste testen Hødd har møtt så langt i oppkøyringa.

Skal angripe Sogndal

Sist var Hødd solide defensivt og skapte også mest mot Brattvåg.

– Vi ønskjer å fortsette med å vere gode bakover, og vi ønskjer sjølvsagt å sjå at vi utviklar det offensive spelet vårt. Det er det mest krevjande å få til å sitte, men vi ønskjer ein offensiv inngang til kampen. Vi har eit klart mål om å vere så mykje som råd på deira halvdel, flytte fram mykje folk og skape sjansar. Så spørst det på dyktigheita vår om vi lykkast med det. Kampplanen er uansett at vi skal dit for å angripe Sogndal, seier Eid.

Samstundes veit Hødd-trenaren at det truleg blir ein tøff kamp mot Eirik Bakke sitt mannskap.

– Det er eit hakk opp nivåmessig, men det får vi ta som ei interessant utfordring for spelarane våre, tenkjer eg.

Fleire usikre til kampen

Ei anna utfordring for Eid er at han har nokre usikre kort på handa i spelartroppen. Eirik Haugan trente alternativt tidlegare i veka, og gav seg også tidleg under torsdagstreninga. Han er ikkje åleine om å vere usikker til kampen.

– Ole Monrad Alme er usikker, Eirik Haugan og Robin Hjelmeseth er også usikre. Bendik Rise går det nok bra med, men både Peter Hasund og Isak Skotheim blir ikkje med. Andreas Breimyr er også akkurat tilbake i trening, så han tar vi det litt forsiktig med, fortel Eid.

Dermed blir det truleg med nokre karar frå rekruttstallen til Hødd. Dei har også kamp denne helga, og møter Herd på Høddvoll laurdag ettermiddag.