– Det var ein bra kamp av Hødd. Førsteomgangen er god og vi møter eit tilnærma toppa Sogndal-lag, som eg synest vi ”matchar” veldig bra. Vi er solide bakover og offensivt er det klar framgang. Det hadde ikkje vore noko feil dersom vi hadde scora eit mål eller to til, meiner Hødd-trenar Sindre Eid.

Ved pause stod det 2–1 i favør Hødd etter scoringar frå Steffen Moltu og Joachim Osvold, men i den andre omgangen kom Sogndal tilbake med ei utlikning, 1.-divisjonslaget klarte likevel ikkje å snu kampen til sin fordel, og Hødd kan dermed reise heim med eit godt resultat frå Sognahallen.

Pila peikar rett veg

På førehand snakka Eid om at han ønskte å sjå utvikling i det offensive spelet til Hødd.

– Førsteomgangen var eit klart steg i rett retning, og det handlar ikkje berre om angrepsspelet, talet på sjansar og sånne ting, men også om korleis vi bygger opp spelet vårt og om vi torer å bruke ballen. Der var det eit klart steg i rett retning, definitivt.

Etter pause var det Sogndal som hadde overtaket, men det var kanskje ikkje anna å vente frå laget som rykte ned frå eliteserien etter 2017-sesongen.

– Vi møter eit godt lag, dei spelte jamt mot Brann her sist veke, og vi måtte forvente at vi kom til å få køyrt oss i periodar, men moralen og samhaldet i laget er absolutt til stades også i den andre omgangen. Vi jobba steinhardt, men klarte ikkje heilt å bruke ballen så godt som vi gjorde i den første. Vi har høge forventningar til oss sjølve, men må forvente at mot eit så godt lag så vil vi bli trykte tilbake i periodar.

Skal bli endå betre

Totalt sett er det uansett ein godt fornøgd Hødd-trenar som kan sette seg på bussen tilbake til Ulsteinvik.

– Det var ein god prestasjon, med utvikling i det offensive spelet og der vi framleis er solide bakover. Vi stiller også med eit veldig ungt Hødd-lag og det er kjekt. Vi hadde vel seks-sju spelarar som var i rekruttstallen i 2016 og det er artig. Det var mange pluss i denne kampen, men vi må jobbe på vidare for å utvikle oss ytterlegare. Det var ei god stadfesting på at vi gjer ein del rett, men vi må sørge for at vi er endå betre når sesongen tek til, seier Eid.

Hødd stilte med dette laget frå start: Ole Monrad Alme - Daniel Eid, Steffen Moltu, Henrik Breimyr - Johannes Sundgot, Eirik Franke Saunes, Joakim Wrele, Marius Hagen, Preben Sætre - Joachim Osvold, Magnus Myklebust.

Innbytarar: William Fjørtoft, Håkon Botn Brautaset, Sander Djupvik og Badr Rahhoui.

Spelarar som Andreas Breimyr, Eirik Haugan, Robin Hjelmeseth og Bendik Rise stod alle over kampen.