Hødd opna kampen best inne i Sognehallen, og fekk kampens første sjanse etter sju minutt. Heimelagets Reiss Greenidge mista ballen ute på venstresida, gjestene snappa om ballen og avslutta hardt halvmeteren utanfor frå spiss vinkel.

Dei blå køyrde høgt tempo i opningsfasen av kampen, og fekk betalt då kvarteret var spelt. Steffen Moltu fekk gå fritt opp på ein corner frå venstre, og stanga 1–0 i nettet bak Mathias Dyngeland.

Det gjorde at heimelaget vakna litt til liv, og etter halvtimen kom utlikninga. Ballen blei slått inn frå venstre, og på bakre stolpe sette ein umarkert Ulrik Flo inn 1–1. Deretter hadde Stanisa Mandic eit brukbart forsøk frå 17 meter, før Hødd tok attende leiinga fem minutt før pause. Eit fint angrep blei bygd opp på venstresida, før eit like fint innlegg blei slått mot første stolpe der Joachim Osvold møtte ballen og heada den i lengste hjørna til 2–1.

Minuttet før pause var sogndølene nære ved å utlikna, då Sigurd Haugen banka ballen i tverrliggjaren på halvspretten frå 30 meter.

Dei siste 45 minuttane handla stort sett om Sogndal. Ti minutt inn i omgangen small det i metallet på ny, denne gong frå Joachim Soltvedt. Bergensaren skrudde eit frispark hardt over muren, men Ole Monrad Alme fekk hansken på ballen og slo den vidare opp i tverrliggjaren.

Hødd såg ut til å halda unna, men i kampens 83. minutt kom utlikninga. Markus Brændsrød fanga opp ein retur og slo den hardt inn på mål, Alme gav ein ny retur, og denne gongen var Ulrik Fredriksen på rett plass og sette inn 2–2.