Det var bortelaget som tok leiinga i solskinet på Høddvoll laurdag, men Hødd-rekruttane slo tilbake og hadde stort sett god kontroll på det som skjedde før pause.

Heimelaget utlikna på eit fint frispark frå William Fjørtoft etter 28 minutt, før Bam Hide tvinga fram ei god redning frå Molde-keeperen kort tid seinare. Deretter leverte Sveinung Tilseth Sæterås ei perlescoring. Først vart takla på 16 meter, men klarte å halde seg på beina, tok seg forbi ein forsvarar og banka ballen opp i krysset. 2-1 til Hødd 2 og før pausen kunne det ha blitt fleire.

Sander Djupvik banka ballen på innsida av krysstolpen frå skrått hald, men ballen spratt ut og ikkje inn i målet. Kort tid seinare var Badr Rahhaoui farleg frampå, men ei flott beinparade frå keeper hindra fleire Hødd-scoringar før pause.

Fem minutt etter kvilen såg det ut til at Rahhaoui vart snytt for straffespark på Høddvoll. Han finta ut den næraste Molde-forsvararen, men han fullførte taklinga og tok med Rahhaoui i staden for ballen. Dommar vinka likevel spelet vidare.

Molde skapte også nokre småfarlege sjansar og sette Jonas Mathiesen på eit par prøver, men utan å overliste sisteskansen.

Innbytar Bastian Rasmussen var svært nære å score etter 78 minutt, etter at Badr Rahhaoui vart spelt gjennom, runda keeper, men kom for langt ut til å avslutte og i staden la eit fint innlegg til Rasmussen. Keeper var på rett plass og fekk avverga situasjonen.

På slutten hadde Molde 2 eit par sjansar til å utlikne, men sjølv om sjansane var store, så blei det ikkje scoring. I staden tok Bastian Rasmussen saka i eigne hender med eit strålande raid på høgresida. Han avslutta det heile med å plassere ballen kaldt og roleg forbi keeper. 3-1 til Hødd 2 og ein solid siger over laget dei også skal møte i 3.-divisjon denne sesongen.

- Vi har møtt Molde 2 to gongar i år. Vi vann 2-1 i Molde og 3-1 i dag. Vi spelar ein veldig god førsteomgang, der vi har ballen soleklart mest. Molde scorar på ei kontring, men vi kjempar oss tilbake, skaper mykje sjansar og kunne ha scora eitt mål eller to til, fortel trenar Sander Håskjold Nyland.

Han var totalt sett godt fornøgd med det laget hans leverte.

- Bortsett frå dei to-tre innlegga dei får på slutten så skaper ikkje Molde all verda. Vi tek med oss mykje frå den kampen her, både i angrepsspelet og det defensive. Samstundes er det sjølvsagt mykje vi må jobbe vidare med, men dette var ein positiv kamp, slår Håskjold Nyland fast.