Elin Skavnes Våge sikra seg sølv i kule med eit støyt på 11,11 meter under UM i Steinkjer laurdag. Det var eitt av tre sølv Dimna-utøvarane sikra seg laurdag.

Caroline Amalie Sætre tok sølv i lengdekonkurransen i J17-klassa. Hennar lengste hopp var på 5,35 m og då var ho berre 7 centimeter bak gullet.

Sølv blei det også på Jonas André Ose, hans andre under UM. Denne gongen var det 60 meter som stod på programmet og Ose var uhyre nære gullet. Berre eitt fattig hundredel skilte Ose og gullvinnar Ilunga Josue Kongolo. Ose sprang i mål på 7,15,noko som er litt bak persen på 7,04.

Det var fleire Dimna-utøvarar i aksjon laurdag og Anna Garnes Kleven var ikkje langt unna medalje i lengdekonkurransen. Hennar beste hopp vart på 5,08 noko som gav ein femteplass. Kornelia Roppen tok sjuandeplassen med 4,88.

Garnes Kleven leverte også ein klar personleg rekord på 60 meter med tida 8,18 i forsøket. Dessverre gjekk det ikkje fullt så raskt i semifinalen og 8,26 der var ikkje heilt raskt nok til finaleplass.

Semifinale blei det også på Johanne Rise Kvalen på 60 meter. Ho sprang på 8,26 i forsøket og 8,28 i semifinalen. Rise Kvalen tok også ein femteplass i høgde med eit hopp på 1,55.

Sikra gullet på tredje forsøk

Jonas André Ose hadde sølv både på 60 meter hekk og 60 meter frå før, men på 200 meter var det ingen som kunne stoppe Dimna-utøvaren. Ose var klart raskast i forsøket, og han var også einaste utøvaren som kom seg under 23 sekund og vann med fire tidelar ned til Tobias Windjusveen. Vinnartida til Ose var 22,96.

Anna Garnes Kleven tok seg også til finale på 200 meter. Andrea Roth var det ingen som kunne gjere noko med. Garnes Kleven var ikkje langt bak bronsemedalje, men enda til slutt på ein sterk fjerdeplass i finalen med tida 26,35.

Kule-medaljar

UM-gull blei det også på Sander Kanestrøm G23-klassa i kulestøyt, medan Iver Saunes Moldskred sikra seg sølv i G18/19-klassa.