Gull til Sander Ringstad Kanestrøm og Jonas André Ose, samt ei rekkje sølv- og bronsemedaljar vart fasiten etter UM i Steinkjer. Helga vart avslutta med at jentene tok sølv og gutane bronse på stafettane.

– Litt stong ut på enkelte, men totalt sett blei det ei kjempehelg, med mykje personlege rekordar og mange medaljar, fortel trenar Arve Hatløy.

Han fortel at ein ikkje hadde rekna med at ein skulle klare dei to stafettmedaljane.

– Det var litt overraskande og vi hadde nok ikkje rekna med at dei kom til å springe fullt så bra. Spesielt jentene overgjekk seg sjølve fleire hakk. Dei var med i teten heile vegen og det var først på oppløpet det vart avgjort, og det var utruleg gøy, fortel Hatløy.

Begge stafettlaga stilte i den eldste klassa. Eigentleg var planen av gutane skulle stille i den yngste.

– Vi fekk litt sjukdom og mangla ein mann, så då rykte dei opp ei klasse og vi omrokkerte litt på laget. Det enda med medalje også der, og det er alltid kjekt når ein kan ta medaljar på stafett, fortel Hatløy, som trur Dimna-laga tente på at dei har trent litt på vekslingar dei siste vekene inn mot UM.

Etter sølv på 60 meter og på 60 meter hekk lukkast det endeleg for Jonas André Ose på 200 meteren.

– Det var kjekt at han fekk med seg gullet. Han var litt misfornøgd etter 60 meteren laurdag, der han bomma på starten og låg veldig etter dei første ti meterane. To sølv og eitt gull er absolutt godkjent og totalt sett er han nok fornøgd når han ser tilbake på helga, seier Hatløy.

Det blei levert ei rekkje gode prestasjonar i løpet av helga. Arve Hatløy nemner mellom anna Caroline Amalie Sætre, som berre var få centimeter frå gullet i lengdekonkurransen.

– Iver Moldskred gjorde også ein veldig god kulekonkurranse, der han «persa» med mykje. Anna Garnes Kleven «persa» også veldig på 60 meter. På 200 meter fekk ho ei veldig dårleg bane i finalen, sjølv om ho slo gullfavoritten på distansen i forsøket. Det er ei stor ulempe med bane 1, 2, eller 3 på 200 meter, men ho kjempa seg inn til ein fjerdeplass i finalen, hadde veldig gode 200 metrar og var hårfint frå finalen på 60 meter, der ho leverte ei veldig god tid i forsøket, fortel Dimna-trenaren.

Gull og sølv: Sander Ringstad Kanestrøm (U23) og Iver Moldskred Saunes (G18/19) sikra gull og sølv i kule under UM i Steinkjer. Foto: Arve Hatløy/Dimna IL
Raskast på 200 meter: Jonas André Ose tok sølv både på 60 meter og 60 meter hekk, før han fekk full klaff på 200 meter. Foto: Arve Hatløy/Dimna IL. Foto: Foto: Arve Hatløy/Dimna IL.