I helga var 21 Dimna-utøvarar på tur til Steinkjer og innandørs-UM i friidrett. Neste år vil ikkje dei lokale utøvarane trenge om å reise like langt, for tysdag vart det klart at Dimna IL er plukka ut som arrangørar av innandørs-UM 2019.

Dermed blir Ulsteinhallen arena for sitt tredje store friidrettsmeisterskap sidan opninga. Det vart også arrangert UM i 2015 og i 2017 var det senior-NM som stod på programmet. To år seinare er det igjen ungomdsmeisterskapen som står på programmet.

Styret i Norges Friidrettsforbund tildelte åtte norske mesterskap, samt innandørs-UM på sitt siste møte:

NM innendørs og NM hopp uten tilløp: Haugesund IL.

UM innnedørs: Dimna IL.

NM stafetter: Lillehammer IF.

NM junior: Sigdal FIK.

NM halvmaraton: Sandnes IL.

NM terrengløp kort løype: Larvik T&IF.

NM motbakkeløp: Valldal IL.

NM ultraløp 24 timer: Romerike Ultraløperklubb.

NM Ultra Trail: Kristiansand Løpeklubb.