Leiar av kontrollkomiteen i Hødd, Yrjar Garshol var svært engasjert og direkte då han la fram kritikken av den økonomiske oversikta til administrasjonen og styret i IL Hødd Fotball. Han meinte mellom anna at dei ikkje har hatt tilstrekkeleg oversikt og styring. Han la deretter fram argument for at dei burde setje i stand rutinar som kan sikre ei betre oversikt, kontroll og styring av økonomien til klubben.

– Det er eitt ord som står sentralt i denne saka, og det er habilitet, eller ugild på nynorsk. Om slagordet til Hødd, stolt, audmjuk og inkluderande, skal fungere so må der vere tillit til laget til dei styrande organa. Vi vil presisere at det er ikkje kritikkverdig å stille seg inhabil i ei sak. Det som blir kritikkverdig er om ein unngår å ta ut spørsmål om kritikk, om ein er habil eller ikkje. Vi stiller kritikk mot styret I Hødd Fotball for ikkje å ha stilt spørsmål ved styreleiar sin habilitet i samsvar med Høddvollova. Manglande handtering av dette spørsmålet kan ha svekka tilliten og omdømet til IL Hødd. Dei må få på plass ei rutine som gjer at lovar og reglar vert fylgt.

Kontrollkomiteen la vidare fram at dei tykte handteringa av saka om spelarlogistikk er mangelfullt dokumentert og dei meiner også at det ikkje går klart nok fram frå referatet frå styret om kva mandat og økonomiske rammer som vart gjeve fungerande sportssjef.

– Vi ser derimot at det er stor semje i klubben om å satse på eigne lokale talent. vi ser det som lite sannsynleg at saka om å rekruttere overårige frå 98 kullet hadde fått eit anna utfall om styreleiar var erklært ugild. Med andre ord – vi ser ingen grunn til at det vedtaket vart kjent ugyldig. Fungerande sportssjef fekk mandat om å implementere forslag om spelarsamansetjing i sak 35, 2017. Det mandatet har fungerande sportssjef fylgt.

Garshol finn det likevel kritikkverdig at styret gjev sportssjefen fullmakt til å inngå økonomisk forpliktande kontraktar når ein visste, eller burde visst, at ein gjekk mot eit større underskot i 2017. Han påpeikar vidare at fungerande sportssjef har oversett instruksen om at det er trenaren sitt ansvar å ha kontroll på spelarane.

– Den økonomiske konsekvensen av kontraktane har liten verknad på 2017 tala men derimot vil det has konsekvensar for budsjettet vi skal vedta for 2018.

Garshol tok mot slutten opp at på det årlege møtet i Hødd Fotball kom fram at det hadde vorte følt at mykje kritikk var retta mot to styremedlemmar. Kritikken kunne visstnok tolkast dit hen at dei hadde gått ut over sine økonomiske fullmakter.

– Vi i kontrollkomiteen finn ikkje at det er tilfellet og den kritikken ser vi på som grunnlaus, avslutta leiaren.