Min idrett er utvikla av Norges idrettsforbund i samarbeid med særforbunda, og er eit personleg utgangspunkt for å bruke idrettens medlemsdatabase. Alle som er registrert som medlem av et idrettslag, har tillitsverv eller andre funksjoner i idretten blir registrert i idrettens databaser. Min idrett er din personlege portal til desse systema.

Det vart kommentert  frå salen under møtet, at mange ikkje hadde fått faktura med medlemsavgifta. Grunnen til det var at dei ikkje hadde registrert seg på Min Idrett. Det vart stilt spørsmål om dei som ikkje hadde meldt seg i dette systemet, heller ikkje var registerte som medlemmar i IL Hødd, og kanskje ikkje heller har stemjerett, sjølv om dei hadde betalt for seg. Nokre meinte at klubben ha eit medlemsregister som ikkje krev at ein må gå inn på Min Idrett og registrere seg. Warholm svarar på kritikken:

– Viss vi gjer det so vanskelig so går vi glipp av det som er passive medlemmar, familiemedlemmar og so vidare. Det skal vere eit elektronisk system. Vi tilpassa oss når bankane sa vi skulle byrje med nettbank, og no får vi klare å tilpasse oss den nye medlemsregistreringa på nett også. Det er klart at om vi ikkje kan greie å bruke dette systemet, får vi også mindre midlar frå til dømes grasrot. Norges idrettsforbund tek utgangspunkt i det som er registrert og difor er det viktig at alle gjer det. Då vert det korrekte tal. Du kan no unnlate å bruke det, men då er det ikkje sikkert du får ein giro i posten heller.

Salen kravde difor at medlemsregistreringa vart meir synleggjort på Hødd sin nettstad. Dei var samde i at det framleis er mange som ikkje veit om at dei må gjennom prosessen på nett. Publikum verka og samde i at meir profilering av Min Idrett og detts funksjonar, vil bidra til at fleire registrerer seg. Det var styret samde i.