Styret i Sunnmøre Fotballkrets vedtok tidlegare i år at ein skulle tilsetje mellom tre og fem såkalla fotballutviklarar, som skal vere fotballkretsen si forlenga arm ut til klubbane. Oppgåva til desse fotballutviklarane blir å få opp meir og betre aktivitet i dei enkelte klubbane innanfor rammene i kvalitetsklubbkonseptet og handlingsplanen til Norges Fotballforbund.

Ein fotballutviklar skal reint fagleg ha kompetanse innan leiar-, spelar- og/eller trenarområdet. Desse skal så gjennomføre tiltak i klubbane, til dømes informasjonsmøte og utviklingstiltak for leiarar, trenarar og spelarar.

Ulsteinvikar og larsnesing

Sunnmøre Fotballkrets fann etter ei søkjarrunde fram til fire kandidatar, som alle takka ja til engasjementet som fotballutviklarar i kretsen.

To av desse fire er Kari Mette Sundgot frå Ulsteinvik, tidlegare dagleg leiar i Hødd Fotball, no økonomisjef i Volda kommune, og Edvard Inge Rekdal frå Larsnes, som er adjunkt og som i ei årrekkje har vore trenar både for senior- og aldersbestemte lag. Dei to andre er Vegard Eikrem frå Langevåg og Rigmor Nekstad frå Ørsta.

Kretsen melder også at fotballutviklarane no er klare for å oppsøkje klubbar som ønskjer fokus på utvikling, og då først og fremst kvalitetsklubbane.