England og Luton ventar også i år når Hødd reiser på treningsleir neste veke. Men før det skal dei blåkvite måle styrke med OBOS-ligalaget Florø i ein treningskamp laurdag.

– Vi tek med oss nedover dei som er heilt friske og klare. Det blir mest truleg ein stor tropp, slik at ein del får spele litt. Det blir sjølvsagt ein ny, tøff test for oss, men vi viste at vi kan prestere i kampen mot Sogndal sist, og gjer vi mykje av det vi gjorde der denne gongen, kan det bli bra, seier Sindre Eid.

Berre tapt ein av dei siste 18

Han fortel at Hødd berre har tapt eitt av dei siste 18 oppgjera laget har spelt, og at laget ønskjer å halde fram med gode prestasjonar.

– Vi møter eit lag som har bygd stein på stein gjennom mange år, noko vi også gjer og har gjort. Dette er først og fremst ein treningskamp, og vi skal bruke den på ein fornuftig måte. Vi får matcha oss mot ein god motstandar, seier Eid.

Trenaren kan elles opplyse om at Jan Lennart Urke framleis er ute med eit brot i armen. Isak Skotheim er usikker, Peter Hasund har vore sjuk og blir kanskje ikkje klar, og Johannes Sundgot må ein vere litt forsiktig med, då han etter ein god prestasjon mot Sogndal kjente på ein liten skade. Bendik Rise slit med ein betennelse i lysken. Hødd vil supplere troppen med rekruttspelarar mot Florø.

Ein månad igjen til seriestart

Hødd sin sesong i 2. divisjon tek til med kampen mot Stjørdals-Blink 14. april, om nesten ein månad. Sindre Eid fortel at Hødd byrjar å peile seg inn mot ei bra seriestartform.

- Vi meiner det sjølve, ja. Vi har fått trent mykje og forhåpentlegvis rett i vinter. Vi har også trena godt på gjennom periodar med kampar. No byrjar vi å endre meir og meir på treningsplanen for å bli klare for kampsesong, og vi skal leite fram toppforma til seriestart. Det gjeld å finne ein god balanse i treningskvardagen, og eg har trua på at vi får til det.

Trenaren seier avslutningsvis at han ser fram til å møte Florø på ein heilt ny bane.

- Vi skal jo spele mot dei i Svelgen, der vi ikkje har vore før. Det blir spanande, seier Eid.

Kampen mot Florø byrjar klokka 15:00.