Skrive av Iver Vattøy:

-Vi er litt nervøse i starten, noko som er naturleg med tanke på det unge mannskapet vi stiller i dag. Etterkvart kjem vi meir og meir med i kampen, og eg synest faktisk vi er best dei første 15 minutta i 2.omgangen. Vi scorar eit mål, men etter det går lufta litt ut av ballongen. Vi møter eit lag som er overlegne oss på alle måtar. Vi hadde ikkje forventa å vinne denne kampen, då er det viktigaste at vi tar med oss dei gode periodane frå denne kampen samtidig som vi må innsjå at det framleis er ein del å jobbe med før sesongstart, seier Moldskred.Hareid har hatt store utskiftingar i laget frå fjorårssesongen, og heile 12 av dei som var inne i startellevaren i fjor har no gitt seg. Laget Hareid stilte med i dagens kamp hadde ein gjennomsnittsalder på under 18 år.

-Vi har eit mål om å få på plass ei god gruppe som kan utvikle seg, ha det kjekt saman og ta nye steg denne sesongen. Vi har sjølvsagt eit mål om å halde oss i divisjonen, men med så mange utskiftingar i vinter, har vi heilt klart fått ei utfordring. Det er ei fin utfordring, då vi har mange lokale, unge spelarar som kan utvikle seg i løpet av ein lang sesong. Får vi miksa det med litt rutine og erfaring i laget kan det bli veldig bra, avsluttar Moldskred.