Skrive av Dag Nesbø Frøyen:

PostNord-laget frå Ulsteinvik satsar tungt på opprykk og med mange erfarne spelarar i laget. 2–2 i Sognahallen mot Sogndal tidlegare i vinter viste at dei har noko på gang.

Det dei har på gang viste seg på nytt i første omgang mot Obos-klubben Florø i Svelgen der dei absolutt var med på notane. Men i Svelgen vart det etterkvart for tøft for Hødd.

Dei blåsvarte gjekk oppskriftsmessig opp i leiing ved Kristoffer Ryland. Florø hadde ballen mest og trykka Hødd bakover.

Men på ein dødball peikar dommar Dan Kåre Esp på straffemerket etter ei klar felling. Hødd utliknar til 1–1 ved Eirik Franke Saunes. Så mot tampen av omgangen kom ein heller omstridt episode. I alle fall for florøbenken.

Noko som står fram som eit tydleg frispark på midten, blir ikkje dømt på. Ballen blir spelt gjennom florøforsvaret og den erfarne tidlegare Lillestrøm- og Odd-spissen Magnus Myklebust, takkar og legg ballen elegant over Nicklas Frenderup. Esp vedgjekk etter kampen at det var ei tabbe.

– Der skulle eg dømt. Det er godt det er no i treningskampane at vi gjer slike ting og ikkje i serien, kom det frå Esp som vann mykje på å vedgå feilen.

Men dømt er dømt og Hødd kunne gå garderoben med 2-1-leiing. Hødd-spiss Magnus Myklebust var glad for at målet vart godkjent.

For det var ei lekkerbisken med latinsk tilsnitt. - Det er i utgangspunktet viktig for ein spiss å score mål, det er slikt du avlar sjølvtillit av, fortalde Myklebust.

Han meiner at Hødd er kome lenger enn dei gjorde på same tid i fjor. - Vi er betre samspelt enn på same tid i fjor, men det er godt vi har ein månad igjen til seriestart.

Hødd tok vare på sjansane dei fekk, noko som er avgjerande fram mot hausten og opprykksstriden tek til. For det er der Hødd skal vere meiner Florø-trenar Terje Rognsø.  – Hødd er eit lag som høyrer heime i Obos, så eg håper verkeleg dei rykker opp. Dei er ein flott klubb, fine folk og dei spelar fin fotball, berre dei no ikkje bytter plass med oss i Obos i haust, kom det frå ein smilande Rognsø.

Trenar Sindre Eid fortel at det må obos-motstand til for å kunne utvikle laget. For PostNord-ligaen er ikkje enkel lenger. I alle fall for dei laga som er venta å kjempe i toppen.

- Eg synest vi speler godt i 60 minutt, så raknar det fullstendig for oss. Vi blir trøkka bakover og er tidvis for naive mot eit så godt lag som Florø. Det går ikkje. Men vi tek med oss første timen, kom det frå Eid.

Han trekte fram Myklebust på topp som ein spelar som leverer.

Eit moment som Eid var tydeleg på i frå sidelinja, var at spelarane spelte på fot og ikkje i rom. Florø stod høgt og Hødd kunne med fordel ha truga bakrommet deira meir.

– Vi er vande med å kontrollere kampar, men når vi blir pressa bakover som vi vart på slutten i dag, så er vi for naive. Mot Florø blir vi hardt straffa. Alt i alt er eg nøgd med kva vi leverer i ein time. Personlege feil og slurv gjer til at vi raknar den siste halvtimen. Då taper vi mot Florø, avslutter Eid.

Kampen enda 4-2.