Hareid IL Fotball ladar opp til 4.-divisjonssesongen i varmare strok. I kveld sette laget kursen mot Side i Tyrkia.

Der skal laget trene og etter planen spele minst ein treningskamp, ettersom det ikkje har blitt for mange av dei så langt i oppkøyringa.

Trenar Kenneth Moldskred kommenterer til lokalavisa at dei reiser i samla flokk for ei veke med gode treningsforhold.

– Den unge og lovande gjengen kjem til å bruke denne veka som ei nyttig og verdifull investering både sosialt og sportsleg. For dei fleste av dei er dette ei ny oppleving. Målsettinga vår er at om ei vekes tid ser alle tilbake på dette som ei innhaldsrik og god veke. Vi trur at alle får styrka tru på eigne ferdigheiter, kommenterer Moldskred.

Det meldast om 20 varme grader i Tyrkia og strålande forhold for fotball.

Dei er 20 stk som reiser på tur i lag. Turen er hovudsakleg betalt av spelarane sjølv.