– I fjor hadde vi ein arena der vi i for ofte var det beste og førande laget. Det kan vere kjekt, men fotball er meir enn berre angrepsspel. Då var det stort sett det vi fekk øvd på og det var vi gode på. Det blir vi gode på i år også, men spelargruppa vil få bryne seg på andre delar av spelet i mykje større grad enn i fjor.

Det fortel Sander Håskjold Nyland. Han held fram som hovudtrenar for rekruttane til Hødd etter opprykket til 3.-divisjon, men er no også inne som assistenttrenar på a-laget.

Håskjold Nyland fortel at det blir ein heilt annleis sesong for rekruttane i år, med meir reising, tøffare motstand og ei meir profesjonell ramme rundt kampane.

– Det er vel den største nivåforskjellen i norsk fotball, mellom 4.-divisjon og 3.-divisjon. Vi har prioritert litt annleis i treningsarbeidet vårt i oppkøyringa fordi vi veit litt av kva som møter oss. Så får vi sjå i seriestarten kvar vi står. Det blir ei kjempeutfordring for oss og ei flott utfordring for spelarane, trur trenaren.

Tøff sportsleg avdeling

Ikkje berre er motstanden tøffare i 3.-divisjon, men for rekruttlaget blir det også ei rekkje turar til Austlandet. I avdelinga er det seks lag frå Møre og Romsdal, samt åtte frå Austlandet. Det i kontrast til fjorårssesongen der Hødd 2 spelte i ein rein sunnmørsavdeling.

– Det er litt av den profesjonelle kvardagen, der ein må reise litt lenger for å spele kampar og ein må førebu seg på ein litt anna måte. Vi får jo heldigvis nokre lokaloppgjer her på Sunnmøre, og det blir spanande å spele mot både Herd og Spjelkavik. Det er ei tøff sportsleg avdeling, slår trenaren fast.

Kva blir største utfordringa for dette laget denne sesongen?

– Generelt sett så trur eg ballar som er i lufta blir utfordringa. Innlegg, dødballar og duellkraft. Forsvarsspelet vårt når ballen er på bakken er meir enn godt nok, trur eg. Angrepsspelet meiner vi er bra. Dermed er det meir det å rydde eigen boks, forsvare seg på innlegg og dødball som blir utfordringa. Til dømes møtte vi Herd i ein treningskamp og tapte 4-1, der to av måla kom på corner og der det første kom etter at ballen blei lempa inn att i feltet etter ei svak klarering. Elles var det ein jamn kamp, men vi tapte med tre mål fordi vi ikkje var flinke nok på ballar i lufta.

Håskjold Nyland fortel at dette er noko ein har jobba med og noko laget er førebudde på.

– Så får vi sjå om vi har klart å utvikle oss der.

Gode nok til å stå i divisjonen

Hødd-rekruttane er ikkje tippa i toppen av avdelinga. I staden er det mange som reknar med at laget berre får ein sesong i 3.-divisjon i denne omgang.

– Det viktigaste vi gjer på eit rekruttlag er jo å utvikle spelarar til a-laget, men prestasjon og resultat går litt hand i hand i spelarutviklinga. Blir ikkje resultata slik ein ønskjer så er ikkje det så bra heller. At folk tippar oss på nedre halvdel eller på nedrykksplass lever vi eigentleg fint med. Då må vi berre motbevise det og vi trur vi er gode nok til å stå i 3.-divisjon. Vi skal bite bra frå oss frå kamp til kamp.

God kamparena for utvikling

Sander Håskjold Nyland har ein fot i kvar «leir» som trenar for rekruttane og assistent på a-laget. Rekruttane kjem også i år til å ha med spelarar frå førstelaget, men som alltid vil det variere kven og kor mange som blir med.

– Vi har jo ein del hospitering og har jobba tett på tvers av gruppene. Dei i rekruttgruppa kjenner godt dei på a-laget og omvendt. Det er tette band mellom gruppene. Då handlar det om å førebu dei yngste på kva som ventar dei, og så kjem det inn nokre frå a-laget og styrkar gruppa.

I 3.-divisjon vil nok rekruttane få testa seg i klart større grad enn slik det vart i løpet av opprykkssesongen, men det gjer det kanskje også lettare å ta steget opp på a-laget?

– Heilt klart. Kampmessig er det siste steget kortare i teorien. Så handlar det om at det også skal vere det i praksis, og det er gjennom gode førebuingar og prestasjonar på det nivået ein er på. Då blir det også kortare veg fordi ein utviklar seg. Det er viktig for spelarane å tenke på kor god kamparena ein har i år kontra i fjor. Dersom ein utnyttar den maksimalt så blir det siste steget opp til eit a-lag kortare, fortel Håskjold Nyland.

I fjor og så langt i år er seks spelarar henta opp frå eigen rekruttstall. Gode prestasjonar for Hødd 2 denne sesongen kan føre til at talet blir høgare.

– I 3.-divisjon får vi utfordringar i fleire fasar av spelet og då blir det enklare å skilje spelarar på kvar dei står i utviklinga si med ein så mykje tøffare kamparena. Då blir det også lettare å sjå kven som er klare for a-lagsfotball og kven som kanskje ikkje er det, fortel Håskjold Nyland.