Utgangspunktet var at Hødd hadde råd til å bruke nokre sesongar på å rykke opp att til Obosligaen. At ein skulle kunne bygge nytt, skape ei solid stamme og vere godt rusta for nivå to når opprykket skulle kome.

No viser det seg at ein kanskje ikkje har så god tid som Hødd håpa på. Årsresultatet frå 2017 viser at Hødd gjekk på eit nytt, tungt år økonomisk. Inntektene i 2.-divisjon er ikkje all verda. Utgiftene er framleis betydelege.

Denne sesongen skal Hødd spele på nivå tre, medan rekruttane skal spele i 3.-divisjon. Sportsleg sett gir dette svært gode kamparenaer for mange Hødd-spelarar, men det er ganske mykje dyrare å reise fram og tilbake til Oslo enn det er til Hareid og Fosnavåg.

Styret i IL Hødd Fotball har bestemt seg for at klubben si sportslege toppsatsing ikkje skulle svekkast før denne sesongen. Det er dermed ikkje så mykje å hente her, men det er også her ein har nøkkelen for å kunne halde oppe ei liknande satsing også i tida framover.

I 2017 starta Hødd greitt nok, men utan å verkeleg overtyde. Når ein i tillegg tapte for både Bryne, Notodden og Nest-Sotra tidleg i sesongen, så vart avstanden opp til opprykkskampen kjapt lenger enn ein skulle ønskje. Faktisk så lang at Hødd aldri fann vegen tilbake.

Rett nok gjekk Hødd ti kampar på rad utan tap på slutten av sesongen. Hadde laget tatt like mange poeng sesongen gjennom så ville Hødd toppa tabellen, men i staden hamna ein på 6.-plass – 14 poeng bak dei to topplaga.

Det har ikkje Hødd råd til i år. Ikkje om ein ønskjer å halde fram med ei toppfotballsatsing på same måten som ein har vore vane med i Ulsteinvik. Ein ny sesong i ingenmannsland vil truleg føre til at ein må gjere ytterlegare grep for å kutte kostnadar. For inntektene aukar neppe særleg så lenge klubben spelar i 2.-divisjon.

For sjølv om Hødd ikkje tapte på ti kampar, så klarte ein ikkje å engasjere publikum på Høddvoll. Då går også inntektene frå både billettsal og andre kampdagsinntekter ned. Så langt i år er sesongkortsalet klart lågare enn i fjor. Dermed er det resultat og spel som må freiste folk til å kome på stadion. For det er ikkje tvil om at det er kjekkare å gå på Høddvoll når Hødd spelar god fotball og sikrar positive resultat.

Meir folk på tribunane kan vere ein positiv effekt. Reint økonomisk er nok likevel det å kome seg opp att i toppfotballen det aller viktigaste. Rammene er heilt annleis i Obosligaen enn i 2.-divisjon og det har Hødd fått merke etter nedrykket i 2016.

I vinter har det tidvis storma på Høddvoll. Det enda med at Håvard Haanes til slutt trekte seg som styreleiar i IL Hødd Fotball. Truleg er ikkje dette noko spelarane brukar for mykje energi på i kvardagen, men det har sjølvsagt blitt ein distraksjon for alle som følgjer Hødd tett.

No må kreftene brukast på det som skal skje ute på fotballbana. Hødd har variert i treningskampane, mellom anna med uavgjortkampar mot både Spjelkavik og Bergsøy, men også med brukbare prestasjonar mot gode lag som Sogndal og Molde, samt sigrar over både Herd og Brattvåg.

Mykje ligg også betre til rette for å lukkast denne sesongen, og spesielt spelarlogistikken har vore enklare før 2018-sesongen. I fjor skjedde «alt» i siste liten og Eirik Haugan kom først til klubben i mai.

Denne gongen har både Joakim Wrele, Joachim Osvold og Marius Hagen kome på plass i god tid, medan nokre unggutar tidleg vart henta opp i A-stallen. Dermed har Sindre Eid og resten av trenarapparatet i større grad fått forme laget gjennom oppkøyringa.

Markus Naglestad vart henta inn etter av overgangsvindauget stengde, men endringane var på ingen måte like dramatiske som sist og Hødd bør difor vere betre rusta til å ta fatt på det som utan tvil blir ein viktig, om ikkje avgjerande, sesong for toppfotballsatsinga.

Så står det att å sjå om Hødd har klart å skaffe seg nokon som leverer nok mål til at Hødd kan blande seg inn i toppkampen. Torbjørn Kallevåg vart toppscorar for dei blåkvite i 2017, men både han og Robin Shroot er borte. Joachim Osvold har vist positive teikn og Naglestad har scora mykje i andre klubbar, men truleg må også andre bidra. Også bakover må det fungere betre enn i fjor, for 37 baklengsmål på 26 kampar er i meste laget dersom ein skal vere med heilt i toppen.

Først 27. oktober har vi fasiten, men nokre svar får ein allereie laurdag.