– Vi er klare for seriestart. Men det sit likevel litt i oss at vi ikkje har hatt den mest optimale oppladinga til sesongen, seier Anita Waage, som er trenar for laget til Hareid i 3. divisjon.

For mindre gode baneforhold og ein ekstra lang vinter har gjort ting utfordrande.

– At frosten har heldt seg så lenge og at baneforholda har vore slik som dei har vore, har gjort at vi ikkje har fått trene skikkeleg. I tillegg har vi ikkje fått dei treningskampane vi eigentleg burde hatt. Færre gjennomkøyringar før seriestart er ikkje nødvendigvis positivt. Men alle er i det minste friske og raske, og det er det viktigaste, seier Anita Waage.

– Vi er veldig spente

Som klubben skriv i historikken på heimesida si, var Hareid av pionerane innan damefotball på Sunnmøre, og var med då den første serien vart starta i 1980. I 1989 spelte Hareid for første og einaste gong på det nest høgste nivået i landet.

Skrur vi tida fram til seinhausten i fjor, så hadde Hareid levert ein kanonsesong i 4. divisjon, og avslutta med å ta førsteplassen i avdelinga, med heile 40 poeng på 15 kampar.

– Det blir spanande dette, og vi er veldig spente heile gjengen. Vi er på eit høgare nivå enn vi var på i fjor, forventingane til kva vi kan få til er større og motstandarane er betre. Eg håper vi kan vere eit lag som kan overraske, og vi trivast som «underdog», seier Anita Waage.

Ho fortel at laget har ein god kombinasjon av eldre og yngre spelarar, og at det er mykje rutine å finne blant dei mest erfarne som kan vere til stor hjelp for dei yngre.

– For gode for 4. divisjon

Waage meiner Hareid høyrer heime på eit høgare nivå enn femte nivå.

– Heilt klart. Vi merka det då vi spelte i fjor. Laget er for godt til å spele i 4. divisjon. Vi trengde ei utfordring, og det har vi verkeleg fått no etter opprykket. Det er stor forskjell på divisjonane, seier Anita Waage og legg til:

– For oss handlar det mest om å klare å halde oss i 3. divisjon, men også å byggje opp igjen eit damelag på Hareid. Vi må ha eit seniorlag i klubben som kan vere eit flaggskip på jente- og damesida. Eit lag som er så bra at våre yngre spelarar ser opp og fram til den dagen dei kan spele der.

Har mista viktige spelarar

Waage legg ikkje skjul på at ho skulle ønskt at Hareid kunne halde på alle spelarane sine. Diverre er ikkje Caroline Overvåg, Ella Karin Haugen og Natalie Seljeseth Birkhol med lenger, men elles er troppen mykje det same som den var då laget sikra opprykket i fjor.

– Vi har mista gode spelarar, det er det ikkje nokon tvil om. Men, det viktigaste for meg er å konsentrere meg om den flotte troppen vi framleis har, og å jobbe med kontinuiteten i prestasjonane våre. Vi gler oss til seriestart, seier Anita Waage til slutt.

Slik ser troppen til Hareid ut framfor 2018-sesongen:

Arnhild Åsmo Bigset

Linn Håberg Dimmen

Martine Holstad

Ingvild Pedersen

Sigrid Pedersen

Karina Gade Larsen

Matilde Hassel

Runa Mork

Cecilie Skeide

Kristin Marø

Victoria Røren

Maria Juul Hansen

Hanna Holstad Grimstad

Sjaajena Jeyathas

Silje Årsbog Bjåstad

Amalie Hong Hansen Koppen

Oda Johansen

Gunhild Botnen Feiring

Seriestart for Hareid blir heime på Hareidsmyrane KGB, mot HaNo, 18. april.