Laget fekk ny hovudtrenar i Torbjørn «Tobben» Rekdal jr. i vinter, etter at førre trenar Ole Per Kragset takka for seg. Kragset er no trenar for divisjonskollega Volda.

Den erfarne larsnesingen, som sjølv har ei mangslungen fotballkarriere bak seg, har gjennom mange år hatt ulike roller i sunnmørsfotballen, og har mellom anna vore mykje involvert i Team Søre-satsinga. No skal han for fyrste gong stå på sidelinja som trenar for eit damelag.

– Det blir ei ny og kjekk utfordring, som eg trur blir veldig bra. Eg ser veldig fram til seriestart. Spelarane har jobba godt gjennom ein god treningsvinter, og eg meiner vi skal bite godt ifrå oss i årets 3. divisjon, seier Rekdal.

Som ikkje er redd for å røpe kva ambisjonar laget har.

– Nei da, det er ikkje noko å leggje skjul på. Vi skal gjere det vi kan for å ta steget opp ein divisjon.

Hødd lukkast nesten med det på tampen av fjorårssesongen, men kom til kort i kvalifiseringa, mot Surnadal/Søya/Todalen.

Tøff avdeling

Men for å klare nettopp opprykk må laget, som har ein relativt låg snittalder, gjere sitt beste.

– Her nyttar det ikkje å ligge på latsida. Vi har jobba godt gjennom vinteren i førebuingane våre til sesongen, men det er no den verkelege jobben tek til. Vi er i avdeling med fleire sterke lag. Ein kan til dømes nemne samarbeidslaget Blindheim/Fortuna og Herd 2. Så har også Volda noko spennande på gong. Eg trur det blir gode duellar i år, seier «Tobben».

Ser fram til naboduellen

Men den mest spanande duellen sett med lokale auge blir sjølvsagt oppgjera mellom Hødd og Hareid, som i år speler i same divisjon. Den fyrste duellen går av stabelen dagen før nasjonaldagen.

– Hareid har eit spennande lag dei også, og det blir sjølvsagt veldig kjekt å spele kamp mot dei heime på Høddvoll, 16. mai, fortel hovudtrenaren.

Rekdal fortel at det nok vil bli ekstra blest kring denne kampen enn dei andre i årets divisjon, både fordi den går på fotballens høgtidsdag her i landet, men også fordi det er slaget om Hareidlandet.

– Det blir ein kamp som blir viktig for oss å vinne. Men først og fremst handlar slike kampar om gode prestasjonar, og å halde hovudet kaldt.

Jesper Törnqvist, som har ei spelarutviklarrolle inn mot damelaget, fortel at det blir litt ekstra ståhei når Hødd tek i mot Hareid 16. mai.

– Vi må nesten gjere litt ekstra ut av det når vi har slikt storfint besøk på ein slik dag, seier han.

– Har nivået inne

Hødd har spelt fleire treningskampar, og «Tobben» meiner kampen mot opprykkskandidaten i 3. divisjon avdeling Nordmøre og Romsdal, Træff, viste at Hødd har det som trengst for å rykke opp.

– Spesielt dei siste 35 minutta viste vi at vi har nivået inne, seier trenaren til slutt.

Overvåg gjer comeback i Hødd

Troppen til Hødd i 2018:

Marte Aarsand Vik, Lene Mari Myklebust, Rebecca Sande, Hannah Rekdal, Gro-Elise Aksnes, Anna Tødenes, Thea Holstad, Ragnhild Knardal, Ine Sleipnes, Oline Sundgot, Louise Goksøyr Ulstein, Therese Holstad, Thea Ertesvåg, Maria Emilie Skar, Olea Louise Flø Larsen, Anna Aahjem, Ellen Aahjem, Johanne Helvig, Astrid Oline Roppen, Kethleen Lorenzo, Lisa Skotheim, Marita Myrvågnes, Merethe Molvær Terøy, Ragnhild Brudevoll, Vilde Sundal, Cecilia Bakke, Isabella Chemmai Sundgot, Madelen Gustavsen, Pia Notanes Brandal, Andrine Nevstad, Anna Nygård Thunem, Lina Dorthea Solheim Stave. Nye av året er Trude Håkonsholm og Caroline Overvåg.