Før 2017-sesongen starta Hødd opp eit tredje seniorlag. Men sjølv om laget spelar på seniornivå, så er det berre spelarar i junioralder eller yngre i troppen.

– Vi ser at vi har mange spelarar som er nære rekruttlaget, og som treng eit godt kamptilbod. No har vi veldig mange juniorspelarar og ser behovet for at fleire kan få spele seniorfotball, fortel André Gardshol som er trenar for Hødd 3.

Han fortel at spelargruppa er på 20 spelarar og at desse skal dekke både 1.-divisjon junior og 6.-divisjon senior.

– I tillegg så kjem vi til å ha hospitantar frå G16-laget, og dei som ikkje startar for Hødd 2 vil også få speletid hos oss. Der har vi god dialog frå G16 og heile vegen opp, fortel Gardshol.

For mange av unggutane i Hødd kjem første møtet med vaksenfotballen gjennom Hødd 3.

– Ja, og så har dei som var med i fjor fått litt erfaring med nivået og kan hjelpe dei yngre med å ta steget. Det er eit fint springbrett for å både få trene meir og for å kunne få spele på Hødd 2 på sikt, meiner trenaren.

Spanande start

I sin første sesong enda Hødd 3 på ein sjuandeplass i 6.-divisjon avdeling 2, men var berre to poeng bak Hasundgot på fjerdeplass. I år håpar Hødd 3 å hamne lenger opp på tabellen.

– Vi ønskjer å vere med i toppen. Vanylven, Hasundgot og kanskje Gjerdsvika blir nok dei tøffaste motstandarane og dei møter vi allereie i dei tre første kampane, så det blir spanande.

Årets avdeling har berre åtte lag, og det er dermed ikkje like mange kampar å gjere det på som tidlegare. Dermed blir det også viktig å få ein god start.

– Vi må vere på frå start. No har vi hatt nokre gode treningskampar i vinter, vi veit kva nivå spelarane er på og det meiner vi er ganske bra, fortel trenaren.

Hødd 3 er eit litt utradisjonelt 6.-divisjonslag, der ein kanskje manglar den store duellkrafta, men i staden har styrkane på andre område og er truleg det mest spelande laget i avdelinga.

– Vår utfordring er nok heilt klart fysikken, det å ta duellane og å få klarert langt nok vekk frå farleg sone. Det har vi hatt fokus på i vinter og eg synest vi har tatt steg. Det blir uansett svært viktig for oss at både backane og kantane tar det defensive ansvaret alvorleg og at vi hindrar mest mogleg innlegg i boksen, fortel Gardshol.