Trykket rundt friidrettsstjerna har naturleg nok vore stort etter VM-gullet på 400 meter hekk i fjor. Mange vil ha ein bit av 22-åringen frå Ulsteinvik.

Warholm understrekar at det har vore «fantastisk mykje positiv merksemd», men er samtidig merksam på at førespurnadane som kjem, må balanserast opp mot å få gjort det treningsarbeidet som er nødvendig.

– Det er det som er vanskeleg når ein får mange hyggelege tilbod. Det er gøy å møte media, det er gøy å møte sponsorar og det er gøy å møte andre folk. Samtidig skal jobben gjerast, og det må ein aldri gløyme, seier han til NTB.

– Du har sagt mykje nei?

– Ja, og eg er veldig dårleg til å seie nei. Det er difor eg må ha nokon til å hjelpe meg med det. Mor mi er betre, smiler verdsmeisteren.

Stort trykk

Mamma Kristine Haddal har lenge vore den nærmaste rådgjevaren til 22-åringen og tar seg av mesteparten av førespurnadane som kjem. Den jobben har blitt stadig meir omfattande.

– Eg brukte henne også før ting tok av, men då var det sjølvsagt berre nokre timar i månaden. No er det tilsvarande kvar dag. Ho har gått ned i stilling for å få til dette, og vi har også andre sparringpartnarar for å prøve å lande ting, seier Warholm.

På spørsmål om kor mange timar mamma Kristine no brukar på å følgje opp karrieren til hekkeverdsmeisteren, er svaret:

– I snitt vil eg i alle fall tippe to-tre-fire timar om dagen, men eg tør ikkje anslå nøyaktig. Ho jobbar ei god stilling med det, og i tillegg har ho den andre jobben sin på toppen.

– Du betalar henne godt?

– Eg må jo sjølvsagt det, ler Warholm – men er rask med å legge til:

– Eg har sagt at grunnen til at eg vel mor mi, er at agentverksemd ikkje alltid er slik ein skulle håpe at den var. Det er eg og Leif (Olav Alnes, trenar) som går på trening kvar dag og legg ned tallause timar. Det mest rettferdige med tanke på det vi ofrar, er at vi må ha den største delen av kaka. Då er det greitt å ha folk ein har tillit til rundt seg, og ikkje minst har vi ei betalingsløysing alle er fornøgde med. Det fungerer veldig fint. Ho får betalt som fortent.

Får Hoen-hjelp

Jobben med å handtere kontakten med stemnearrangørar er det likevel ikkje mamma som står for.

– Akkurat den delen har Steinar Hoen hjelpt oss med. Det er eg veldig takknemleg for, seier Warholm.

31. mai sesongopnar verdsmeisteren under Diamond League-stemnet i Roma. Ei veke seinare følgjer eitt av dei desiderte høgdepunkta i sesongen, Bislett Games. Der håpar eitt av dei fremste trekkplastera å vise solid form.

Det andre store målet for sesongen er EM I Berlin i august.