Hareid 2 skal møte andre lokale lag i si avdeling i 6. divisjon, til dømes Hødd 3, Hasundgot og Tjørvåg.

– Det blir nok mange tøffe kampar, men vi skal vere klare til å gje alt. Vi skal ikkje vere enkle å slå, seier hovudtrenar Luis Venthan Ketheeswaran.

Den største utfordringa for Hareid 2 er talet på spelarar dei har tilgjengelege gjennom sesongen.

– Det er det jo ikkje noko å leggje skjul på. 6. divisjon er eit litt lågare nivå, det er mindre seriøst og det er fleire med her som ikkje alltid kan stille. Nokon har dessutan flytta, nokon har slutta, og andre er ikkje med lenger av andre grunnar. Men vi er vande med at det er slik, og vi ser no at vi klarer å stille lag i år også. Det er vi godt nøgde med, seier Ketheeswaran.

Som meiner laget trass i usikker spelarsituasjon vil kunne gjere det bra i årets sesong.

– Vi har eit mål om å klare å avslutte sesongen på øvre halvdel. Det vil ikkje vere urealistisk å få til det, meiner eg.

Snittalderen er høgare på andrelaget enn på førstelaget, meiner hovudtrenaren. Han meiner rutinen og kunnskapsnivået til fleire av dei meir rutinerte spelarane vil bli viktig for dei yngre som er med.

– Heilt klart. Vi har fleire erfarne spelarar, som heilt sikkert vil gjere sitt for at vi skal bli eit godt, samspelt lag i år, seier Ketheeswaran.

Blei trenar litt tilfeldig

Luis Venthan Ketheeswaran, eller berre Venthan, er Hareid-spelar sjølv, men har vore ute ei stund med ein lei skade.

– Eg sleit korsbandet. Så blei det til at eg skulle vere med på å starte opp sesongførebuingane for andrelaget, og så blei det til at eg blei trenar. Eg er eigentleg ganske komfortabel med at det blei slik, sjølv om det kanskje var litt tilfeldig, seier han avslutningsvis.

Troppen til Hareid 2:

Thanusan Tharumalingam

Odd-Magne Brandal

Eirik Brandal

Martinus Warholm

Antoni Gardshol

Arthur Hareide

Emil Hareide

Benjamin Slettebakk

Jan Kristian Korsnes

Håvard Øvrelid

Andreas Rise

Nathaniel Brekke