Mot eit heiltent Volda-lag var det aldri snakk om at det skulle bli enkelt for Hødd i cupens første runde. Det var likevel liten tvil om at Hødd var det førande laget frå start på Volda stadion og at heimelaget ikkje fekk til spesielt mykje framover i banen.

Hødd tok over banespelet frå start, men det tok si tid før dei skikkelege sjansane kom. Marius Hagen hadde nokre brukbare forsøk, Joachim Osvold og Markus Naglestad viste seg også fram her og der, men dei blei for sjeldan verkeleg farleg framom Volda-målet.

Samstundes hadde Hødd veldig god defensiv kontroll. Bortelaget sleppte ikkje Volda til ein einaste sjanse i den første omgangen og laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

Franke Saunes avgjorde med sitt første Hødd-mål

I den andre omgangen prøvde Volda å løfte spelet litt meir inn på Hødd sin halvdel, men utan at dei skapte særleg meir av den grunn. Hødd leverte heller ikkje noko fyrverkeri offensivt, men etter 60 minutt skulle dei blåkvite endeleg få nettsus.

Eirik Franke Saunes fekk ballen ute på høgresida etter ein dødballsituasjon. Han sende ballen tilbake i feltet med retning mot den bakre stolpen. Ballen gjekk rett forbi duellane i feltet, men sette også keeper ut av spel og spratt inn i det lengste hjørnet. Leiing til Hødd og Eirik Franke Saunes sitt første offisielle Hødd-mål.

Men var det eit innlegg, eller var det skudd?

- Vi kan seie det var eit skudd. Det var i det minste viktig at ballen gjekk på mål, då er det 50-50 om den går inn eller om den treff eit hovud i feltet. Det vart uansett vanskeleg for keeper som trur det kjem eit innlegg, som det vel eigentleg var, men mål er mål, smiler målscoraren.

Etter scoringa måtte Volda fram, men Hødd hadde god defensiv kontroll på det som skjedde på Volda stadion. Første skudd på mål frå heimelaget kom i løpet av dei siste fem minutta av kampen, og det var også i denne perioden at heimelaget var farlegast. Mot slutten kasta Volda meir og meir i angrep, og fekk også resultat i form av nokre gode moglegheiter, men utan at dei klarte å sikre seg utlikninga og dermed kunne Hødd juble saman med Blåsarane for avansement til andre runde.

Visste kva dei møtte

Det utan at Hødd imponerte veldig på Volda stadion. Bortelaget burde ha avgjort kampen på eit tidlegare tidspunkt, men utan meir enn den eine scoringa vart det nokre nervøse minutt mot slutten.

- Vi visste at Volda kom til å vere tøffe å møte her, på ei humpete bane som dette. Vi visste det blei ein krigekamp og ein kamp med lite spel. Det var vi førebudde på, fortel Saunes.

Han fortel at Hødd var klare over at dei måtte klare å vere tolmodige dersom ein ikkje fekk ei tidleg scoring, og slik blei det også i Volda.

- Vi måtte berre vente på at målet skulle komme. Volda la seg lågt i banen, men vi visste at scoringa ville kome så lenge vi var tolmodige og ikkje blei frustrerte. Det snakka vi også om i pausen, fortel midtbanespelaren.

Kontrollerte kampen

På ein kveld der Bergsøy slo ut Obosligalaget Aalesund på Havila stadion kunne også Volda ha vore eit bananskal for Hødd, men Sindre Eid kunne til slutt konstatere at det var dei blåkvite som tok seg vidare i cupen.

- Eg synest vi kontrollerer kampen i 90 minutt. Det er ei vanskeleg bane å spele fotball på og vi var opptekne av å ikkje stresse for mykje med balltempoet, for det vil ofte føre til dårlegare presisjon og brot imot. Det ønska vi ikkje mot Volda, for dei ønskte å kontre på oss, fortel Eid.

Samstundes tok det tid før scoringa kom for Hødd og då var det viktig at botrelaget hadde god kontroll i det defensive spelet og at Ole Monrad Alme kunne gå av banen for andre kamp på rad utan baklengsmål.

- Vi vinner 1-0 og er vidare. Det er eigentleg det einaste som betyr noko i dag. Eg er fornøgd med forsvarsspelet og sjølv om ikkje alt fungerte framover så veit vi at vi har det inne, seier Eid.

Hødd hadde også sjansar til å avgjere kampen i begge omgangane. Mellom anna var Eirik Haugan svært nære å sette inn Hødd sitt andre mål, men Volda-keeperen kom kjapt ut og leverte ei strålande redning for å halde heimelaget inne i kampen.

Dermed blei det meir nervøs på slutten enn Hødd hadde håpa på.

- På slutten blei det nervøst. Eg var roleg store delar av kampen, men når det er nokre få minutt og vi framleis berre har det eine målet så blir ein nervøs. Då veit du at motstandar stort sett alltid får ein sjanse og vi hadde veldig lyst til å unggå ekstraomgangar sidan vi har kamp igjen allereie laurdag, fortel Eid.

Kampfakta:

NM fotball, 1. runde

Volda - Hødd 0 - 1 (0-0)

Volda stadion, ca 650 tilskodarar

Dommar: Torgeir Halsen, Vanylven FK.

Gule kort: Marius Hagen, Joachim Osvold, Eskild Dagfinrud

Mål: 0-1 Eirik Franke Saunes (60)

Hødd: Ole Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Daniel Eid, Marius Hagen, Joakim Wrele, Eirik Franke Saunes (Bendik Rise), Preben Sætre - Joachim Osvold, Markus Naglestad.