Storslalåm var første post på programmet for Anny Våge Molvær og resten av alpinistane som deltek under vinterleikane i Hemsedal.

I den første omgangen var lagvenninne Mathea Stranden frå Ørsta Alpin raskast, medan Våge Molvær køyrde inn til 6.-plass frå seint startnummer.

I finaleomgangen var det dei 30 beste utøvarane som fekk delta og svært spanande om Ørsta-jentene kunne halde fram den gode køyringa.

Våge Molvær leverte bra køyring også i den andre omgangen og køyrde inn til førsteplass med fem jenter igjen på toppen.

Svenske Iris Öien køyrde inn til same til som Våge Molvær, men deretter hamna jente etter jente bak alpinisten frå Ulsteinvik. Berre lagvenninna frå Ørsta Alpin klarte å halde tempoet til Våge Molvær og med si gode tid frå førsteomgangen køyrde Mathea Stranden inn til førsteplass med Anny Våge Molvær på ein delt andreplass.

Mathea Stranden hadde klart beste tid i J14-klassa i den første omgangen, medan Våge Molvær hadde bestetid i finaleomgangen.

Super køyring frå begge Ørsta-jentene, med andre ord!

Våge Molvær står igjen på startstreken søndag. Då er det favorittøvinga slalåm som står på programmet.